Informasjon om Tid for ti 2023

Her er litt informasjon om Tid for ti 2023.

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon på 7. trinn. Alle påmelde får ein gratis antologi med utdrag frå ti nyare nynorske bøker tilpassa målgruppa. Til aksjonen følgjer og ei eiga nettside, tidforti.no, med tekstar, lydfiler, aktivitetar, konkurranser og læraroppgåver.

Utsending av antologien for 2023 vil starte første veka i januar. Det betyr at det kan gå ein veke eller to før de kjem til skulen. Ta kontakt med ole@foreningenles.no viss det tek lang tid for du mottek antologiane. Då kan vi spore sendinga.

Nettressursane er oppdaterte no. På nettsida finn du tekstutdrag og lydfiler, aktivitetar, konkurranse og oppgåver til alle utdraga.

Har du ikkje tinga antologiar? Vi har eit lite restopplag igjen. Bruk dette skjemaet:

PÅMELDINGSSKJEMA TID FOR TI 2023

Finn skulen på lista og fyll inn detaljar. Merk at eitt klassesett er 30 antologiar. Vil ha færre eksemplar, ta kontakt med ole@foreningenles.no.

Boklista kan du sjå her.

Vi gler oss til ein ny Tid for ti i 2023.

God jul og godt nytt år!

Vh Foreningen !les