Aktivitetar: Ein venn som meg

1. Lag ei teikning av situasjonen der Carla kjem inn i klasserommet.

2. Finn bilete på nettet eller i ei bok av eit dyr eller eit instrument du likar godt. Lag ei lita bok der du skriv nokre faktasetningar som passar til bileta. Du kan bruke Book Creator eller lage ei bretta bok i papir.

3. Lag eit stort tankekart med alle tankane Sofie har i hovudet heile tida. Bruk fargar og illustrer så godt du klarar. Forsøk å tileigne dei ulike tankane ulike fargar. Kanskje du kan lage eit om dine eigne tankar også?