Aktivitetar: Terra victoris

Desse aktivitetane er laga av Nynorsksenteret.

1. Lag bilete til boka ved å bruke kunstig intelligens! Bruk ord frå utdraget – til dømes: Istanbul, basar, flygande dronar, trafikk. Omsett orda til engelsk ved hjelp av ordbok eller Google translate. Lim dei deretter inn på denne sida. Det kan vere lurt å skrive science fiction også. Lag tekstar eller titlar til bileta.

2. Minecraft. Bygg framtidas Istanbul i Minecraft! Mange skular har tilgang på Minecraft Education, og her kan ein bygge gamlebyen med basarar og moskear, men ta også med nokre framtidsbygg. Bygg gjerne fleire i lag! Vis fram verda til klassa!

3. Tyrkisk mat. Mor til Zeki driv eit gatekjøkken. Finn oppskrifter på typisk tyrkisk mat. Lag ei kokebok, eller prøv ut nokre av rettane på skulekjøkenet! Kanskje dokker kan samarbeide og lage ein film som viser korleis ein kan lage denne maten, slik at du får eit matlagingsprogram?
Kanskje kan denne nettstaden vere ein plass å leite etter oppskrifter.

4. I boka kan vi lese om avansert teknologi som til dømes dronar. Men kanskje har dokker lyst til å bygge eigen teknologi? Under finn du ein aktivitet frå Skaperskolen, der ein kan bygge sin eigen rakett av papir. Kanskje kan det verte ein konkurranse i klassa om kven som kan skyte ut raketten sin lengst?

5. Framtida ser ut til å ha mykje spennande teknologi. Då treng ein mange oppfinnarar! Denne oppfinnaraktiviteten er inspirert av eit undervisningsopplegg frå Skaperskolen. Gå saman i grupper på tre eller fire. Oppdraget om kva de skal finne opp, vert gjeve ved hjelp av tre typar kort eller lappar med eit ord på.

Skriv desse orda på kvar sine kort. Korta kan gjerne ha ulike fargar:

Type 1 Substantivkort: hjelm, sykkel, drone, matboks, tog, brille

Type 2 Personkort: veslebror, statsminister, gamar, fotballspelar, millionær, zombie

Type 3: Persontype: gløymsk og distré, alltid svolten, utspekulert lat, med broten fot, hissig og hyperaktiv, blyg og usikker

Kvar gruppe trekkjer eit kort frå kvar type. Då får du unike oppdrag som «finn opp ein hjelm til ein alltid svolten gamer», eller «brille til ein lat og utspekulert zombie». Diskuter på gruppa korleis de skal løyse oppdraget. Lag ei teikning, eller bygg ein prototype for oppfinninga. Deretter skriv de ei forklaring på korleis oppfinninga verkar, og kva som er bra med denne oppfinninga.