Påmelding til Tid for ti 2024

Vi har no opna for påmelding til Tid for ti 2024.

Tid for ti er ein nynorsk leseaksjon på 7. trinn av Foreningen !les i samarbeid med Nynorsksenteret. Aksjonen inneheld ein antologi med utdrag frå ti nyare nynorske bøker tilpassa målgruppa. Til aksjonen følgjer og ei eiga nettside, tidforti.no, med tekstar, lydfiler, aktivitetar, konkurranse og lærarrettleiing.

For å melde deg på, må du opprette ein brukar og fylle inn detaljar. Merk at du bestiller pakkar på ti bøker. Det vil seie at viss du har 50 elevar, bestiller du fem pakkar.

PÅMELDINGSSKJEMA FINN DU HER

BOKLISTE

Frist for påmelding er 10. november 2023. Utsending startar den første veka i januar 2024.

Nettsida vil vere oppdatert til skulestart i januar 2024.

Ta kontakt viss du lurar på noko.

Vh Ole Ivar Burås Storø
ole@foreningenles.no