Informasjon om Tid for ti 2024

Her kjem informasjon om Tid for ti 2024 på 7. trinn.

Utsending og påmelding:

Utsending starta denne veka. Viss du bestilte før fristen, må du følgje med på skulen der posten blir levert dei komande dagane. I skjemaet der du bestilte, finn du også sporingsnummer. Via bring.no kan du spore sendinga.

Har du ikkje bestilt Tid for ti 2024? Du har framleis sjansen. Påmeldingsskjema finn du her

Du må opprette ein brukar og fylle inn detaljar. Merk at du bestiller pakkar på 10 antologiar. Skal du til dømes ha 30 antologiar, bestiller du 3 pakkar. Hugs å skrive gatenamn på adresse, Bring køyrer ikkje ut til postboks.

Etterbestillingar blir sende ut frå lageret fortløpande.

Nettressursar:

På nettsida, tidforti.no, finn du alle tekstutdraga, lydfiler, aktivitetar og undervisningsopplegg. Lydfiler ligg i høgre marg under kvart utdrag.

Skrivekonkurranse:

På tidforti.no finn du også informasjon om skrivekonkurransen som vi arrangerer i samarbeid med Framtida junior. Vi håper at så mange som mogleg nyttar sjansen til å skrive nynorsk og delta i konkurransen.

Plakat:

Her kan du laste ned plakat av Tid for ti 2024

Spørsmål:

Ta kontakt med ole@foreningenles.no viss du lurar på noko.