Påmelding Tid for ti 2025

No kan de melde dykk på Tid for ti 2025!

Tid for ti er ein gratis og nasjonal leseaksjon for elevar på 7. trinn. Hjartet i Tid for ti er ein antologi med utdrag frå ti gode bøker på nynorsk. Tid for ti er eit samarbeid mellom Foreningen !les, Nynorsksenteret og andre nynorskaktørar.

Årets aksjon er berre digital. Vi satsar på å vere tilbake med fysiske antologiar neste år.

Frist for påmelding er 1. desember. Alle ressursar ligg fritt tilgjengeleg på nettsida tidforti.no, men vi sett pris på at de melder dykk på aksjonen, slik at vi kan sende dykk informasjon undervegs.

Tekstutdrag, lydfiler, aktivitetar og undervisningsopplegg finn de på tidforti.no frå og med januar 2025.

Spørsmål:

Ta kontakt med petra@foreningenles.no viss du lurar på noko.

Påmelding Tid for ti 2025