Informasjon om Tid for ti 2025

Påmelding:

Har du ikkje meldt deg på Tid for ti 2025? Du har framleis sjansen. Påmeldingsskjema finn du her

I år er aksjonen berre digital og du kan dermed melde deg på gjennom heile våren. Utdrag og lydfiler vil vere tilgjengelege fram til og med juni 2025.

Om vi får statleg støtte til Tid for ti, vil vi vere tilbake med fysisk aksjon i 2026!

Nettressursar:

Her på nettsida, tidforti.no, finn du alle tekstutdraga, lydfiler, aktivitetar og undervisningsopplegg. Lydfiler ligg i høgre marg under kvart utdrag. Til kvart undervisningsopplegg er det laga ein powerpoint, desse kan bli lasta ned frå sida som pdf, men om du ønskjer powerpoint-fila er det berre å ta kontakt med petra@foreningenles.no.

Skrivekonkurranse:

Kvart år har vi ein skrivekonkurranse i samarbeid med Framtida junior. Her finn du informasjon om skrivekonkurransen som vi også arrangerer saman med Klimafestivalen junior i år. Vi håper at så mange som mogleg nyttar sjansen til å skrive nynorsk og delta i konkurransen.

Skrivekonkurransen har ein eigen plakat

Plakat:

Her kan du laste ned plakat av Tid for ti 2024.

Spørsmål:

Ta kontakt med petra@foreningenles.no viss du lurar på noko.

Tid for ti 2025 har fått støtte av Agder fylkeskommune, Telemark fylkeskommune, Landssamanslutninga for nynorskkommunar, Noregs Mållag, Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa og Det Norske Samlaget.