Påmelding 2026

No kan de melde dykk på Tid for ti 2026!

Tid for ti er ein gratis og nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Hjartet i Tid for ti er ein antologi med utdrag frå ti ferske bøker på nynorsk. Tid for ti er eit samarbeid mellom Stiftelsen LESE, Nynorsksenteret og andre nynorskaktørar.

I januar 2026 er vi tilbake med nye fysiske antologiar av Tid for ti. Lista over kva bøker vi hentar utdraga frå kjem i oktober. Og allereie no kan du melde klassen din på aksjonen!

Antologiane kjem i posten i første halvdel av januar 2026. Tekstutdrag, lydfiler, aktivitetar og undervisningsopplegg finn de samstundes på tidforti.no.

Påmeldingsfrist er 10. desember.

Spørsmål:

Ta kontakt med petra@foreningenles.no viss du lurar på noko.

Påmelding her.