Informasjon om Tid for ti 2026

Påmelding:

Har du ikkje meldt deg på Tid for ti 2026? Du har framleis sjansen. Påmelding skjer her. Du må opprette ein brukar og tinge det talet antologier du treng.

Siste frist for å tinge antologier er 10. desember. Desse blir sende ut i byrjinga av januar.

Nettressursar:

Her på nettsida, tidforti.no, finn du alle tekstutdraga, lydfiler og undervisningsopplegg frå januar til og med juni 2026. Til kvart undervisningsopplegg er det laga ein powerpoint som vil vere tilgjengeleg via Canva.

Skrivekonkurranse:

Kvart år har vi ein skrivekonkurranse i samarbeid med Framtida junior. Informasjon om  skrivekonkurransen kjem i løpet av november, frist for innsending er vanlegvis i mars/april. Vi håper at så mange som mogleg nyttar sjansen til å skrive nynorsk og delta i konkurransen.

Plakat:

Aksjonen har ein eigen plakat som vil vere klar i god tid før aksjonen startar i januar.

Spørsmål:

Ta kontakt med petra@stiftelsenlese.no viss du lurar på noko.

Tid for ti 2026 har fått støtte av Utdanningsdirektoratet, Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa og Det Norske Samlaget.