Artikkel: Kvifor skal elevar lesa nynorske bøker?

Spørsmålet i overskrifta er kan henda teit, men av og til kan det vera lurt å stilla teite spørsmål. Om ikkje anna kan det gjera oss litt meir medvitne om kva me driv med.

– Å lesa er ei trening i å leva, seier forfattar Erna Osland. Bøker let oss gjera konsekvenslause erfaringar, me kan setja oss inn i korleis det er å leva i andre, kan henda farlege livssituasjonar, me kan identifisera oss med andre menneske og utvikla empatien vår. Bøkene let oss oppleva grøss, glede, spaning og moro. Men det kan me jo oppleva uavhengig av kva språk bøkene er skrivne på. So igjen: Kvifor lesa nynorske bøker?

Vel, her er to gode grunnar til å spesifikt framheva den nynorske litteraturen:

1) Bøkene er sabla gode.

2) Lesarane treng nynorsk mengdetrening.

For å ta det fyrste fyrst, so er det slik at det kjem ut særs gode bøker på nynorsk – spanande bøker, engasjerande bøker, morosame bøker, velskrivne bøker, bøker som seier noko om korleis det er å vera ung i Noreg i dag. Det vil vera synd om dei unge lesarane ikkje får ta del i leseopplevingane desse bøkene kan gje dei. Det syner seg nemleg at lesarane sjølve, når dei fyrst byrjar lesa dei nynorske bøkene, gløymer eventuelle fordomar og ser ut til å setja stor pris på det dei les.

Eit godt døme på det er Uprisen, der norske ungdomar sjølve skal avgjera kva bok dei tykkjer er best. Prisen er til no delt ut seksten gonger, og fem av vinnarbøkene er på nynorsk. So sjølv om berre kring 6 prosent av dei nye barne- og ungdomsbøkene som kjem ut kvart år, er på nynorsk, står nynorskbøkene for over 30 prosent av sigrane i Uprisen. Nynorskprosenten i lista med vinnarar er med andre kring fem gonger høgare enn nynorskprosenten i det totale talet på utgjevne barne- og ungdomsbøker. Nynorskbøkene toppar som regel ikkje salslistene, men når lesarane faktisk får lesa dei, vert det gjerne suksess. Men det krev at lærarane gjev elevane gode inngangar til den nynorske litteraturen.

So til det andre punktet: For å verta ein god nynorskskrivar må ein lesa mykje på nynorsk. Det gjeld både elevar med nynorsk som hovudmål og elevar med nynorsk som sidemål. Du kan arbeida so mykje du vil med grammatikk, men om ikkje elevane får nok mengdetrening, får dei aldri språket under huda. Gode bøker på nynorsk er rett og slett ein god måte å gje elevane den mengdetreninga dei treng og fortener.

Å lesa nynorske bøker gjev slik sett ekstra vinst til lesarane, ved at dei – i tillegg til livsmeistring og underhaldning – får både kvalitet og språkmeistring med på kjøpet.

Av Arild Torvund Olsen, Nynorsksenteret
arild@nynorsksenteret.no

For utfyllande lærarrettleiing til Tid for ti, sjå her.