Opplegg til Stamceller

av Øystein Runde

 

FØR:

Sjå på framsida til boka.
– Kva legg de merke til når de ser på bildet?
– Kva slags stemning formidlar bildet? Grunngi svaret.
– Kva tenkjer de om tittel og undertittel?

Boka deltek i fakta-sjangeren.
– Synest de at det kjem fram av framsida? Kvifor/kvifor ikkje?
– Veit de om andre bøker i denne sjangeren?
– Kva slags forventingar får de til ei bok om fakta? Kva er fakta?
– I kva grad meiner de at ein kan forklare fakta med hjelp av teikneserie?
– Kva trur de teksten handlar om?
– Kva veit de om stamceller frå tidlegare?

I utdraget blir det brukt fleire fag-uttrykk. Snakk gjerne om desse før de les teksten og/eller førebu elevane på at uttrykka kjem (fleire av orda blir forklarte i teksten). Her er nokre døme: stamceller, dei raude blodcellene, blodplatene, størkna, pluripotente, multipotente, mesenkymale, hematopoetiske, beinmergen, genene, sædcella, eggcella, beinceller.

 

UNDERVEGS:

Be elevane bruke to ulike fargeblyantar medan dei les. Den eine (til dømes ein grøn fargeblyant) bruker dei til å markere stader i teksten der dei lærte noko nytt. Den andre (til dømes ein raud blyant) markerer deler av teksten, faktaopplysningar eller liknande som dei synest er vanskelege.

 

ETTER:

1. Samanlikne fargar
I par eller i små grupper

La elevane sjå på fordelinga av grøne og raude markeringar i dei to tekstane og samanlikne kva dei synest var lærerikt og kva dei synest var vanskeleg. Er dei samde eller har dei ulike markeringar?

2. «Stille lesesirkel»
I grupper på om lag 4 elevar.

Elevane skal jobbe saman om å lage ein «stille lesesirkel», dvs. ein lesesirkel der det ikkje er lov å prate – det er berre lov å skrive til kvarandre.

Kvar elev treng eit ark og må skrive namnet sitt øvst i venstre marg. Dei kan også skrive «Hei» øvst på sida, ev. etterfølgt av namn på dei andre i gruppa. Poenget med dette er å markere at det er snakk om ein samtale og ei utveksling av tankar og meiningar mellom elevane i gruppa, sjølv om elevane ikkje samhandlar munnleg.

Elevane får no 1–2 minutt til å skrive om leseopplevinga si. Dei kan skrive tankar, følelsar, spørsmål eller andre reaksjonar på utdraget dei har lese – heilt utan prat. Dei bør få beskjed om å skrive med leseleg skrift og å bruke så mykje av tida som mogleg til å skrive.

Når tida er ute, skriv elevane ferdig den setninga dei held på med og sender deretter teksten sin mot venstre, til den eleven som sit der. Elevane les det nye arket dei har fått, skriv namnet sitt i venstre marg og får deretter 1–2 minutt til å reagere på teksten til naboen: Dei kan skrive ein kommentar til teksten, fortsette tankerekka, skrive om dei er einige eller ueinige, stille spørsmål eller ev. sette i gang ei ny tankerekke.

Etter tre gjennomføringar returnerer dei arket til den eleven som begynte med å skrive på arket. Elevane les tekstane og set strek under ei setning på arket – setninga som eleven synest er mest interessant og som han/ho har mest lyst til å diskutere vidare i gruppa.

Deretter får elevane endeleg lov å snakke. Be dei om å begynne med ei av de utvalde setningane og la dei elles snakke fritt om utdraget i nokre minutt.

3. Samtale i heil klasse
Klassesamtale.

Snakk deretter om utdraget og la elevane dele tankane sine.

Vi tilrår at litterære samtalar tar utgangspunkt i den personlege leseopplevinga til elevane. Opne og autentiske spørsmål – spørsmål der svaret ikkje er gjeve på førehand – gjer det lettare for dei å relatere litteraturen til eigen kvardag og eige liv og dermed også å engasjere seg i litteraturen.

Begynn gjerne med spørsmål som:
– Kva handla dette om? eller
– Kva skjedde her?

Dersom elevsvara blir følgde opp på ein oppmerksam og konstruktiv måte, opplever elevane at lesaropplevingane deira blir høyrde og tekne på alvor. Det kan til dømes skje ved å la samtalen bygge vidare på elevane sine svar når eit nytt spørsmål blir formulert (såkalla opptak og høg verdsetting).

Når elevane har fått høve til å formulere og diskutere leseopplevingane sine, oppmodar vi deg til å bruke teksten til å stille spørsmål som du veit vil engasjere.

I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande spørsmål inngå i diskusjonen av utdraget:

Øystein Runde har valt å framstille cellene som personar.
– Kvifor trur de han har valt å gjere det slik?
– Kva slags likskapar og skilnader kjem de på at det er mellom celler og menneske?
– Kor mange av superheltane på side 41 kjenner de att?

Boka hevdar at stamceller er – eller kan sjåast som – kroppens superheltar.
– Er de einige? Kvifor/kvifor ikkje?

Ein av grunnane til at stamceller blir kalla superheltar, er at dei kan forvandle seg til det som trengst. På side 47 forvandlar stamcella «Rolf» seg til dømes til ei hudcelle.
– Kva ville de forvandla dykk til viss de hadde slike evner?
– Korleis vil de beskrive forholdet mellom blodplater og stamceller?
– Kvifor trur de at forskarane har vore så interessert i navlestrengblod?
– Korleis vil de beskrive bilda i utdraget? Er dei til dømes fine, morosame, forklarande eller liknande?
– Liker de dei eller ikkje? Kvifor?
– Kva synest de om samanhengen mellom bilde og tekst?
– Var det noko i utdraget som utfordra eller stadfesta det de visste frå tidlegare?
– Var det noko som overraska dykk?
– Har de lært noko nytt om stamceller?

4. Vurdering i heil klasse
Klassesamtale.

Til slutt diskuterer de utdraget i klassen med tanke på å nå fram til ei vurdering.

– Likar elevane teksten? Kvifor/Kvifor ikkje?

Det er viktig at synspunkta vert grunngitte.

Når vurderinga er ferdig, set vi stor pris på om de vil skrive inn meiningane dykkar i boksen «Våre meiningar om utdraget» på tidforti.no.