Bokliste Tid for ti 2020
Her er bøkene vi har henta utdrag frå i Tid for ti 2020
Mareritt
Linn T. Sunne
Samlaget 2019
Grøss
S. 5–12
1000 dagar
Inger Johanne Sæterbakk
Aschehoug 2018
Venskap
S. 50–56
Johanna og Georg er bestevener og startar i same klasse på ungdomsskulen. Når Georg fortel klassa at kattane deira har para seg, bestemmer Johanna seg for at venskapen treng ein pause på 1000 dagar. Det vil seie så lenge dei går på ungdomsskulen.
Som ein bror. Historia om sjimpansen Julius
Alfred Fidjestøl
Samlaget 2019
Biografi
S. 47–59
Sjimpansen Julius blei fødd i 1979 i Dyreparken i Kristiansand. Då mora til Julius ikkje ville ha han, måtte han flytte inn hos to menneskefamiliar. I dette utdraget er Julius tilbake i dyreparken, men han klarer å rømme. Det blir farleg for både Julius og menneska han møter.
Blå flaggermus
Harald Nortun
Samlaget 2019
Drama
S. 5–15
Kamikaze
Geir Tangen
Gyldendal 2019
Novelle i Exit
S. 115–131
Skogen den grøne
Ruth Lillegraven
Samlaget 2018
Dikt
S.4/5, 10/11, 24, 40
Pepar & Gulrot – Pysjamasfesten
David Revoy
Omsett av Arild Torvund Olsen og Karl Ove Hufthammer
Fantasy
Episode 13 2019
Fjorten år gamle Pepar er foreldrelaus og bur saman med katten Gulrot. Ho er heks og lærer seg Kaosah-magi, men korleis går det når ho skal på overnatting i slottet til Zombiah-prinsessa Koriander?
Polarnatt
Sunniva Relling Berg
Illustrert av Bjørn Rune Lie
Samlaget 2019
Realisme
S. 5–14
Nattmannen
Anders Totland
Illustrert av Kristian Krohg-Sørensen
Gyldendal 2019
Historie
S. 7–16
Djevelen vil alltid finne deg
Lars Mæhle
Samlaget 2019
Spenning
S. 53–63
Ein dag begynner Regina Korp i klassa til Onu, Alex og Irmelin. Same dagen har læraren invitert styraren for Sagbruksmuseet, Seamus Waterson, til å halde eit foredrag om ei grotte som i lang tid har prega liva til innbyggarane i bygda. Etter foredraget bestemmer Onu, Alex og Irmelin seg for å undersøkje grotta nærare. Det er Onu som fortel.
Har du ikkje meldt på klassa di eller biblioteket? Bruk dette påmeldingsskjemaet