Opplegg til Nattmannen

av Anders Totland

 

Dette undervisningsopplegget er laga av Nynorsksenteret

FØR:

Sjå på omslaget og tittelen og snakk om forventningar til utdraget:
– Korleis trur de det var å leve i Noreg på 1600–1700-talet?
– Kva yrke trur de folk kunne ha på den tida? Lag ei liste i fellesskap/på tavla.
– Kva er ein nattmann? Dette står på baksida av boka:

Visste du at nokon hadde som jobb å rydda etter at bøddelen hadde gjort sitt? Nattmannen var han som gjorde det – i tillegg til mange andre oppgåver som ingen andre ville gjera. Folk meinte dette var fullstendig ærelaust og trudde heilt på alvor at nattmannen var smittsam.

– Sjangeren er sakprosa. Kva veit de om denne sjangeren?
Kva slags sakprosabøker har de lese?
Kva slags forventningar har de til ei bok i denne sjangeren?

 

UNDERVEGS:

Set strek i margen når du les …

– noko som overraskar deg
– noko som gjer inntrykk på deg
– noko du lurer på

 

ETTER:

1. Vurdering

Snakk om utdraget i grupper på 4–5 elevar.

– Likar de utdraget?
– Kva lærte de som de ikkje visste frå før?
– Lag ei liste med adjektiv som skildrar opplevinga di av teksten. (Døme: Skummelt, lærerikt, ekkelt, rart …) Kva var det som fekk deg til å føle det du gjorde?

 

2. Klassesamtale

Snakk om teksten med utgangspunkt i leseopplevingane til elevane. Still opne spørsmål og oppfølgingsspørsmål som bygger vidare på svara til elevane. Kanskje eit av desse spørsmåla kan starte samtalen?
– Visste du noko om nattmannen og oppgåvene hans før du las utdraget?

Ole Mortensen var ein fiskar som hadde samarbeidd med Rakkar-Jon. Derfor fekk både han og familien hans problem etterpå.
– Finst det yrke eller levemåtar i dag som gjer at ein misser ære på ein tilsvarande måte?

I utdraget står det (side 12) at nattmannen fekk namnet sitt frå den delen av jobben som vart rekna som minst skitten: tømming av latriner.
– Kvifor trur de at dei andre arbeidsoppgåvene vart rekna som meir skitne og ærelause.
– Kan du tenkje deg kvifor desertørar fekk kome og bu i nabolanda etter at dei hadde gått ut av militærtenesta?

På side 16 les vi at hesten vart rekna som eit heilagt dyr før kristendommen, men at han etter kristninga vart rekna for eit «skittent» dyr.
– Kva status har hestekjøt har i dag?
– Er det i orden å ete hestekjøt, eller bør ein grave det ned?

– Korleis trur du det var å vere barn av ein nattmann og ikkje få gå på skulen og få sjansen til få seg eit anna yrke?

Kvifor trur du at Anders Totland har skrive ei bok om dette temaet?

Avslutt gjerne diskusjonen med ein meta-samtale: Vend tilbake til sjangerperspektivet frå førlese-samtalen og snakk om kva slags sakprosabok de meiner Nattmannen er.
– I kva grad levde utdraget opp til forventningane de hadde før lesinga.
– Korleis trur de resten av boka er?

3. Vurdering og avstemming

Heilt til slutt kan de diskutere utdraget i klassen og kome fram til ei felles vurdering.

– Likar de utdraget frå Nattmannen? Kvifor/kvifor ikkje?

Det er viktig at synspunkta er grunngjevne, at rammene er hyggelege og at elevane får høve til å framføre leseopplevingane og meiningane sine.

 

Ekstraoppgåver:

1. Sjå på framsida. Skriv 3–5 adjektiv som skildrar stemninga på biletet.
2. Kan du finne andre bøker av Anders Totland? Kven er han? Lag ein presentasjon av forfattaren.
3. I teksten får vi høyre om ungane til nattmannen, eller rakkaren som han også vart kalla. Vi brukar ordet «rakkarungar» også i dag, men no tyder det noko anna. Kva legg vi i ordet «rakkarungar» no?