Aktivitet: Rundt jorda og tilbake
1.
I denne boka vaknar Jonas og tenkjer at alt er som før, men så er det ikkje det likevel. Faren har flytta ut og mora er sjukemeld. Skriv ei side der alt faktisk er som før. Kva skjer då? Korleis er stemninga?
2.
«Det blir forandringar her framover», seier mora til Jonas før han går på skulen. Skriv ei side om kva slags forandringar det er snakk om. Treng det å vere negative forandringar?
3.
Kan du finne andre bøker som forfattar Inger Johanne Sæterbakk har skrive? Finn ut meir om forfattaren og hald ein presentasjon for klassa.