Soldagen
Maja har stukke av heimanfrå for å vere hos tante Bodil. På veg dit har ho fått hjelp av Nils, som plukka ho opp med bilen sin. Nils er i trøbbel, og Maja, som stadig kjem i trøbbel sjølv, kjenner seg igjen og vil hjelpe han.
Den første soldagen etter vinteren skal det vere marknad i bygda. Der skal tante Bodil arrangere sledeturar med hundane sine. Bodil og Maja drar til marknaden saman med veneparet Jens og Gerda, som skal selje ting der. Med på turen er også dei to mindre årige, einslege flyktningane Ilias og Amira, som bur med Jens og Gerda denne helga. Storebroren Ilias er på alder med Maja.
Då Jens og Gerda skal rigge opp bua si på marknaden, oppdagar dei at pengeskrinet er borte. Og Jens veit at Ilias skuldar ein stor pengesum til nokon …