Aktivitet: Ivar får ansvar

Desse aktivitetane er laga av Nynorsksenteret.

Skriveoppgåve

Tenk deg at du sjølv ønskjer å søkje sommarjobb og må lage ein plakat. Kva skal stå på plakaten, og korleis skal han sjå ut? Før du kan setje i gang med arbeidet, er det viktig at du bestemmer deg for kva slags jobb du ønskjer å få.

Krav til plakaten:

-Lag ei fengande overskrift som gjer at folk stoppar og les plakaten.
-Teksten skal tydeleg kommunisere kven du er, og kva slags jobb du ønskjer å få.
-Plakaten skal ha ein innbydande design og gode illustrasjonar som understrekar teksten.
-Teksten skal vere skriven på nynorsk.

Heng plakatane opp i klasserommet.

Vi førebur samtalesirkel

Vi har lese eit utdrag frå romanen Ivar får ansvar. ​I utdraget får vi vite litt om korleis det har gått med sommarjobben til Ivar, og vi får også vite litt om Maja.​

Gå saman to og to​

Oppdrag: Om 20 minutt skal klassa setje seg i to samtalesirklar og samtale om tekstutdraget. Du og læringsvenen din skal no førebu spørsmål  som dokker skal stille resten av klassa. Før dokker startar på spørsmålsutforminga, skal dokker snakke saman om kva som skjedde i tekstutdraget. Kva overraska dokker? Kva gjekk som venta? Prøv å utforme spørsmål som opnar opp for samtale. Her er nokre døme på gode setningsstartar for slike spørsmål:​

– Kva synest du …​
– Korleis opplevde du …​
– Kva trur du er grunnen til at …​
– Kvifor trur du at …​
– Kva tenkjer du om …​
– Kva slags inntrykk får du av forholdet …​
– Kvifor trur du at …​
– Kva tenkjer du om valet …​
– Korleis ville du ha …​