Aktivitet: Plasticus Maritimus

Desse aktivitetane er laga av Nynorsksenteret.

Lag ei plakatutstilling!

Dokker skal no lage ei fargerik og appellerande faktaplakat-utstilling som handlar om plast i havet, i klassa. Faktakjelda dokker skal bruke, er tekstutdraget dokker nettopp har lese.

Før dokker startar på arbeidet, skal klassa avgjere kva dei fem ulike faktaplakatane skal handle om.

Faktaplakatane må

– formidle fakta om plast i havet på ein lettfatteleg måte
– innehalde teikningar som illustrerer teksten
– vere tilpassa andre sjuandeklassingar som målgruppe
– opplyse om faktakjelda

Ver kreative, og prøv å lage inspirerande faktaplakatar som andre elevar har lyst til å lese!

Inviter til plakatutstilling!

Tips: Inviter ei anna sjuandeklasse eller sjetteklasse til plakatutstillinga. Presenter faktaplakatane for dei. Ta bilete av plakatane og ha i heimeoppdrag å presentere plakaten du har arbeidd med, for foreldra dine.

Kreativ utfordring

Reklamebyrået Friskus har lyst ut ein konkurranse til alle skuleelevar om å lage ein haldningskampanje om plast i havet. Målet er å få fleire til gjere gode val i kvardagen, slik at havet held seg friskt.

Gå saman to og to, og planlegg ein haldningskampanje som kan vekkje merksemd hjå både barn og unge. Bruk informasjonen i tekstutdraget vi har lese, til å vinkle haldningskampanjen.

Skissa til haldningskampanjen må innehalde:

– ein tydeleg hovudbodskap
– kva slags fakta om plast i havet dokker vil ha med
– korleis dokker vil formidle bodskapen (film, informasjonsplakat, digital presentasjon)
– ein plan for korleis dokker vil nå ut til målgruppa (sosiale medium, Internett, skulebesøk, osb.).

Lag ei skisse over haldningskampanjen og presenter planen for resten av klassa. Kva slags gruppe vinn oppdraget, trur dokker?

Næringskjeda

På side 24 og 25 i tekstutdraget står det skrive om næringskjeda i havet, og kor viktig det er at planteplanktonet i havet held seg friskt.

Gå saman i grupper og lag ein presentasjon over næringskjeda i havet og korleis mikroplast kan påverke livet på jorda. Bruk enkle stikkord og faktasetningar, og legg vekt på å finne gode illustrasjonar som understrekar teksten dokker skriv. Søk på Internett og finn ut kvar plastpartiklane i havet kjem frå. Ta med relevante fakta om emnet, og inkluder dei på plakaten

Heilt til slutt skal dokker kome med tips til kva den enkelte av oss kan gjere for å forhindre at mikroplasten spreier seg i havet. Hugs å føre opp kjelda dokker har brukt som grunnlag for presentasjonen. Førebu dokker munnleg, og legg fram presentasjonane for resten av klassa.