Aktivitet: Jernvilje
Desse aktivitetane er laga av Nynorsksenteret.
Skriv eit heltedikt
Skaldar var diktarar som ofte skreiv heltedikt for å hylle store krigarar og kongar. Tenk deg at du er skald på storgarden Hove, og overtydd om at Vilje faktisk er hovdingsonen Jarl som har kome tilbake frå Valhall etter eit dramatisk slag mot fienden Ormvakr digre. Skriv eit heltedikt som hyllar den modige Jarl!
Lag ei lokal skildring frå jernalderen
Handlinga i boka Jernvilje går føre seg i nærleiken av Sira i Agder fylke. Forfattaren har funne inspirasjon frå jernalderhistoria, og stadnamn som Hove, Eik og Steinberg kan ein sjå att i boka. No skal du gjere det same med heimstaden din.
a) Snakk litt saman og finn ut kva de veit om livet på heimstaden din i jernalderen. Var dette eit sentrum? Har ein funne storgardar i området? Korleis kom ein seg til og frå denne staden i jernalderen?
b) Sjå for deg korleis eit liv kunne sett ut på heimstaden din i jernalderen. Dikt opp ein person som bur i dette området, og fortel:
– Kva lever denne personen av?
– Kor mange andre bur på den same staden?
– Kven er hovding i dette området, og kvar bur hovdingen?
– Finst det fiendar i området?