Aktivitet: Eg er V-vida
Desse aktivitetane er laga av Nynorsksenteret.
Skriv til Vida
No skal du vere Siri, bestevennen til Vida. Etter denne dagen treng Vida nokre trøystande ord. Skriv ein tekst til Vida der du seier noko om det som har hendt, og kan trøyste henne. Har du nokon gode råd til Vida?
NB! Du skal ikkje snakke stygt om Ole Kristian, Aurora og dei andre i forteljinga.
Lag manga!
Vida likar manga. Lag teikneserie av situasjonen der Ole Kristian prøver å erte Viktor (frå nedst side 26 til stjerne side 28).
Du kan anten nytte teikneseriemalane du finn på denne sida, eller arbeide digitalt i eit program som skulen har tilgang til (til dømes Creaza, Canva, Book Creator, eller ved å bruke malen «Manga-tegneserieskaper» i Powerpoint). Teikneserien skal vere på berre ei A4-side.
Du treng ikkje få med alt som skjer og vert sagt i utdraget. Sjå om du kan bruke bakgrunnsfargar på ein måte som får fram stemninga i det som skjer. Hugs å veksle mellom ulike utsnitt og perspektiv.