Aktivitet: Historia om Erling Braut Haaland

Desse aktivitetane er laga av Foreningen !les.

– Utdraget startar med setninga: «speler du dårleg, er fort gjort å skulda på noko anna». Kva betyr det? Har du opplevd det sjølv, enten med skolearbeid, på trening eller i andre samanhengar. Viss du tenkjer deg om, var det eigentleg noko eller nokon andre si skuld at det ikkje gjekk som det skulle? Tenk, noter, snakk med ein annan i klassen, og skriv ein kort tekst.

– «Men først skulle han få med seg ein sesong på A-laget til Bryne FK», er siste setninga i utdraget. Korleis gjekk det? Skriv di eiga historie om Erling sin sesong på Brynes A-lag. Kva hender? Kva skjer etterpå? Ver heilt fri i diktinga di.

– Kan du finne andre bøker om Erling Braut Haaland? Finn ut meir om dei, og hald ein presentasjon for klassen.

– Set opp ditt eige drøymelag med norske fotballspelarar.