Aktivitet: Overtrykk
Desse aktivitetane er laga av Nynorsksenteret.
Skriv Tyra sitt eventyr
Teikneserien sluttar med at Tyra reiser ut på neste eventyr. Skriv ei forteljing der du fortel om det Tyra opplevde på denne reisa. Kva møter ho, og korleis opplever ho det å skulle reise bort frå Miriam?
Lag ein teikneserie
No er det din tur! Læraren vel om du skal nytte teikneseriemalane du finn på denne sida, eller arbeide digitalt i eit program som skulen har tilgang til (til dømes Creaza, Canva, Book Creator, eller ved å bruke malen «Manga-tegneserieskaper» i Powerpoint).
Teikneserien skal vere på maksimalt ei side. Dersom de arbeider med eit passande tema i eit anna fag (naturvern, berekraft, ein historisk periode, kosthald), kan de godt lage ein teikneserie om dette temaet.
I teikneserien skal du:
– bruke ulike utsnitt og synsvinklar.
– velje snakkebobler og fontar som samsvarer med det karakterane seier.
– ha minst ei rute i teikneserien utan replikkar eller forteljarkommentar, som fortel noko på ein annan måte.
Lag ein animasjonsfilm!
Bruk side 16–20, og filmatiser denne delen av teikneserien. Spel inn dialogen med ei passande stemme, effektlydar og bakgrunnsmusikk. Bruk bileta frå teikneserien, legg inn zoom, utsnitt og panorering. Det beste er om du gjer det i denne rekkjefølgja:
1. Spel inn dialog (Hugs å legge inn litt mellomrom mellom rutene og replikkane. Det bør ikkje gå for fort.)
2. Legg inn bilete og rediger overgangar, utsnitt, zoom osv.
3. Legg inn bakgrunnsmusikk og eventuelle effektlydar. Både musikk og effektlydar kan ein finne på pixabay.com)
Hugs å lage ein sluttekst/rulletekst der du skriv kven som har gjort kva (inkludert namnet på teikneserieskaparen).