Aktivitet: Trollmoll

Desse aktivitetane er laga av Nynorsksenteret.

– Du er Birk og skal skrive ei melding som du sender midt på natta til Ada.
Fortel om lydar du høyrer i huset. Skriv meldinga, og skriv eit svar frå Ada.

– Korleis liker du utdraget frå Trollmoll? Skriv gjerne ned nokre argument der du
kan, om du vil, starte setningane med:

Eg likte godt då …

Eg likte ikkje så godt at …

– Teikn eit kostyme du kunne tenke deg å bruke på halloween.