Enkeltoppgåver til Drakeguten

Asbjørn Rydland

A. FØR:

Klassesamtale.

Sjå på bokomslag, tittel, sjangerlogo og snakk om forventningar til utdraget.

Samtalen kan konkretiserast med utgangspunkt i spørsmål som:

– Kva viser biletet?

– Kva for tankar får de når de ser på biletet?

– Kva for stemning formidlar biletet – romantisk, spennande, skummel, ekkel, morosam, dramatisk?

– Kva er det som gjer at de får den kjensla?

– Kvifor trur de boken heiter Drakeguten?

– Sjå òg teksten nedst på framsida. Kjenner de igjen dette temaet?

– Kan de iblant få følelsen av å vere utvalde? Når? Korleis kjennest det?

– Sjangerfiguren viser fantasy. Kjenner de denne sjangeren?

– Kva slags forventningar har de til ei fantasy-bok?

– Kva slags forventningar har de til den verda handlinga finn stad i? I eit etterord til Drakeguten har forfattaren skrive at verda i boka er inspirert av ein laiv. Vet de kva det er? Korleis trur de at rollespill kan inspirere når ein skal finne på ei forteljing?

– Kva for forventningar har de til karakterane i ei fantasy-bok?

 

Dersom læraren vurderer at utdraget kan bli en utfordring for elevane, kan det vere ein fordel

– å lese ingressen eller heile utdraget og stoppe undervegs for å spørje elevane om det er ting dei lurer på.

– Det går også an å seie litt om den verda som handlinga går føre i eller å gje ei kort oversikt over karakterane som er med i utdraget.

– Lag ei liste med ord og omgrep som du trur kan vere vanskelege for (nokre av) elevane dine og del ut lista til elevane. Orda kan stå aleine eller som del av dei setningane dei opptrer i. La elevane markere kva for ord dei er sikre på tydinga av, kva for ord dei trur dei kan og kva for ord dei eventuelt ikkje kan. La dei deretter gå rundt i klassen og samanlikne med dei andre. Klarar dei i fellesskap å finne ut tydinga til alle orda? Framlegg til kva ord det kan dreie seg om er (her vil det vere stor skilnad på bokmålsbrukarar og nynorskbrukarar): militsen, moka, lêrfeitt, spiltaua, augeblink, pareringar, raudna, olbogen, slost.

Det er òg mogleg å be elevane finne til dømes 5 ord som dei ikkje forstår når dei les utdraget.

 

B. UNDERVEGS:

Lesestopp

Be elevane stoppe undervegs i lesinga, f. eks. nedst på s. 95 (etter «… dei snart att.»), øvst på s. 99 (etter «… etter han og Farell») eller etter nokre minuttar.

La dei skrive spørsmål til teksten ut ifrå det de har lese. Her er nokre døme på spørsmål som kan brukast for å sette i gang elevane:

– Kvifor nøler Koll med å bli med?

– Kvifor blir han med likevel?

– Kvifor trur de at faren ikkje gir han lov?

Alternativt kan dei bruke nokre minuttar på å skrive kva dei trur vil skje vidare.

Deretter fortset dei å lese resten av utdraget.

 

C. ETTER:

1. Litteraturintervju

Par som rullerer.

I forkant av litteraturintervjuet får elevane utlevert eit ark med nokre spørsmål. I tillegg til dei faste spørsmåla er det plass til at kvar elev kan skrive to supplerande spørsmål etter eige val. Det bør vere opne spørsmål (spørsmål utan eintydig fasit), og det kan med fordel vere spørsmål frå oppgåva over. Eit forslag til spørsmålsark finn de HER.

Elevane skal først skrive dei to supplerande spørsmåla på arket og deretter ta med seg arket rundt i klasserommet for å finne eit intervjuobjekt. Når dei har funne ein partnar skal elevane stille eit spørsmål frå lista, og partnaren skal svare. Intervjuaren lyttar til svaret, noterer stikkord på arket og stiller ev. oppfølgingsspørsmål ved behov. Når begge elevane har fått svar på eit spørsmål, finn dei ein ny partnar og stiller eit nytt spørsmål frå lista.

 

2. Velje spørsmål

Gruppearbeid.

På bakgrunn av oppgåvene over skal elevane nå gå i grupper for å diskutere seg fram til to spørsmål som dei meiner er dei viktigaste å stille til utdraget. I tillegg må gruppa kunne grunngje kvifor dei meiner akkurat det.

 

3. Diskusjon og avstemming i heil klasse

Klassesamtale.

Bruk spørsmåla frå gruppene til å snakke om utdraget.

La deretter samtalen utvikle seg ved å formulere opne og autentiske spørsmål som bygger vidare på svara til elevane – da opplever elevane at leseopplevinga deira blir høyrt og teken på alvor.

Prøv òg å komme fram til ei felles vurdering: Liker klassen teksten? Kvifor/kvifor ikkje?

Hugs å registrere resultatet.

Til slutt kan de snakke om korleis de opplevde å jobbe med kombinasjonen lesestopp og litteraturintervju.

 

4. Aktivitet:

Tenk deg at du såg på at Koll og Seir fekta. Kva ville du sagt til Seir om behandlinga hans av Koll?