Enkeltoppgåver til Engel i snøen

Anders Totland.

A. FØR:

Kva slags forventningar har de til ein tekst som har sorg som tema?

Kjenner de til andre bøker som handlar om dette tema?

Korleis har ein det når ein opplev sorg?

Kva slags hendingar og situasjonar kan utløyse ein følelse av sorg?

Må det vere knyta til døden eller kan det vere andre situasjonar der det kan oppstå sorg?

Kva meiner de ein kan gjere for å bli kvitt sorga, eller for å leve med ho?

Korleis forstår de tittelen på boka, Engel i snøen?

Kva synest de om framsida?

Kva slags samanheng ser de mellom framsida, tema og ingress?
Kva trur de teksten handlar om?

Kva trur de at de kjem til å like og mislike?

 

B. UNDERVEGS:

Individuelt arbeid.

Be elevane notere tankar og spørsmål til teksten medan dei les, ev. med utgangspunkt i følgjande:

– inntrykk av eg-forteljaren

– noko som gjer inntrykk på dei

 

C. ETTER:

Kva slags inntrykk får de av eg-forteljaren?

Kva slags sjukdom trur de hovudpersonen har?

Korleis taklar eg-forteljaren sjukdommen?

Korleis reagerer faren?

Kva ville de gjort om de hadde vore i ein liknande situasjon?

Eg-forteljaren snakkar lite om eiga sjukdom og er meir oppteken av korleis det andre barna har det. Kvifor trur du det er slik?

Kan det vere for å ikkje tenkje på eiga sjukdom?

Synest de det ein styrke eller svakheit ikkje å prate om sjukdommen sin?

Silje, jenta som eg-forteljaren blir kjent med på sjukehuset, speler «Here Comes The Sun» av The Beatles på piano.

Kva trur de ein slik song kan bety i denne samanhengen?

Kvifor trur de at dei vaksne græt?

Har de døme på andre songar som kunne passa?

Kva slags musikk liker du å høyre på når du er trist?

Kva tenkjer de om språket i denne teksten?

Er den lett å lese, lett å forstå?

Kva ligg mellom linjene i teksten, trur de?
Tenker de at ein snakkar på ein anna måte når ein er sjuk, er på eit sjukehus rundt mange andre sjuke osb.

Korleis trur de at de hadde reagert om de hadde blitt sjuk slik som eg-forteljaren?

I kva slags grad kjenner de dykk igjen i teksten?

Likar de teksten? Kvifor/kvifor ikkje?

 

Vurdering av utdraget

Hva synes dere om utdraget? Snakk sammen hele klassen, noter ned meninger og før inn på nett, under utdraget.

Bli enige om en felles vurdering og stem på boka.