Enkeltoppgåver til Galderstjerna

Asbjørn Rydland

A. FØR:

Klassesamtale.

Sjå på bokomslag, tittel, sjangerlogo og snakk om forventningar til utdraget.

Samtalen kan konkretiserast med utgangspunkt i spørsmål som:

– Kva ser de på framsida av boka?

– Kva for tankar får de når de ser på biletet?

– Kva for stemning formidlar bilete, bokstavar og fargebruk – skummel, spennande, ekkel, dramatisk, romantisk?

– Kva er det som gjer at de får den kjensla?

Boka heiter Galderstjerna.

– Finn ut kva ordet «galder» tyder.

– Kva førestiller de dykk at ei bok med tittelen Galderstjerna handlar om?

Sjangerfiguren viser fantasy.

– Kva slags fantasy-bøker eller -filmar kjenner de?

– Kva kjenneteiknar slike forteljingar?

– Kva slags forventningar har de til ei fantasy-bok?

– Kva slags forventningar har de til den verda handlinga finn stad i?

Dataspelet «Reborn» har ei viktig rolle i boka.

– Kva slags erfaringar har de med dataspel?

– Er de kjent med andre bøker eller filmar som inneheld referanser til dataspel?

– Kva slags rolle har dataspel i desse verka?

I utdraget går Eirik inn og ut av dataspelet «Reborn». For nokre elevar kan dette fyrst verke forvirrande. Det kan derfor vere ein god idé å introdusere utdraget gjennom å seie litt om dette.

Dersom læraren vurderer at utdraget kan bli en utfordring for elevane, kan det dessutan vere ein fordel

– å lese høgt ingressen eller heile utdraget og stoppe undervegs for å spørje elevane om det er ting dei lurer på.

– å lage ei liste med ord og omgrep som du trur kan vere vanskelege for (nokre av) elevane dine og del ut lista til elevane. Orda kan stå aleine eller som del av dei setningane dei opptrer i. La elevane markere kva for ord dei er sikre på tydinga av, kva for ord dei trur dei kan og kva for ord dei eventuelt ikkje kan. La dei deretter gå rundt i klassen og samanlikne med dei andre. Klarar dei i fellesskap å finne ut tydinga til alle orda? Framlegg til kva ord det kan dreie seg om er (her vil det vere stor skilnad på bokmålsbrukarar og nynorskbrukarar): galder , skodde , opplet , stafur , obskur , kommersialisert , botnen, basar , helleristingar,  galderstavar, hallusinerer, kvervlar, grov, svann, knottar, kalibrering, torevêret, augeblikk, hallisar.

Det er òg mogleg å be elevane finne til dømes 5 ord som dei ikkje forstår når dei les utdraget.

 

B. UNDERVEGS:

Lesestopp

Be elevane stoppe undervegs i lesinga, til dømes ca. midt på s. 115 (etter «… på brystet mitt.») eller etter nokre minuttar.

La dei skrive spørsmål til teksten ut ifrå det de har lese. Her er nokre døme på spørsmål som kan brukast for å sette i gang elevane:

– Korleis kjem Eirik seg inn og ut av spelet?

– Kva slags likskaper og ulikskaper finst det mellom spelverda og den verkelege verda i utdraget?

– Kvifor følger Eirik etter hauken?

– Kvifor dukkar det mystiske symbolet opp så mange stader?

– Kvifor reagerer Eirik slik han gjer når han ser symbolet?

Alternativt kan dei bruke nokre minuttar på å skrive kva dei trur vil skje vidare.

Deretter fortset dei å lese resten av utdraget.

 

C. ETTER:

1. Litteraturintervju

Par som rullerer.

I forkant av litteraturintervjuet får elevane utlevert eit ark med nokre spørsmål. I tillegg til dei faste spørsmåla er det plass til at kvar elev kan skrive to supplerande spørsmål etter eige val. Det bør vere opne spørsmål (spørsmål utan eintydig fasit), og det kan med fordel vere spørsmål frå oppgåva over. Eit forslag til spørsmålsark finn de HER.

Elevane skal først skrive dei to supplerande spørsmåla på arket og deretter ta med seg arket rundt i klasserommet for å finne eit intervjuobjekt. Når dei har funne ein partnar skal elevane stille eit spørsmål frå lista, og partnaren skal svare. Intervjuaren lyttar til svaret, noterer stikkord på arket og stiller ev. oppfølgingsspørsmål ved behov. Når begge elevane har fått svar på eit spørsmål, finn dei ein ny partnar og stiller eit nytt spørsmål frå lista.

 

2. Velje spørsmål

Gruppearbeid.

På bakgrunn av oppgåvene over skal elevane nå gå i grupper for å diskutere seg fram til to spørsmål som dei meiner er dei viktigaste å stille til utdraget. I tillegg må gruppa kunne grunngje kvifor dei meiner akkurat det.

 

3. Diskusjon og avstemming i heil klasse

Klassesamtale.

Bruk spørsmåla frå gruppene til å snakke om utdraget.

La samtalen utvikle seg ved å formulere opne og autentiske spørsmål som bygger vidare på svara til elevane – da opplever dei at leseopplevinga deira blir høyrt og teke på alvor.

I tillegg til spørsmåla til elevane, kan ev. desse spørsmåla inngå i samtalen:

Korleis trur de at symbolet har hamna på brystet til Eirik?

Kva trur de har skjedd i løa?

I kva slags grad kjenner de att elementa frå dataspelet (symbolbruk, utstyrsoversikt, hurtigmeny osb.)?

Kva trur de skjer på slutten?

Kva trur de kjem til å skje vidare?

De kan òg ta opp att diskusjonen om fantasy-sjangeren. Les til dømes om skillet mellom high og low fantasydenne siden og diskuter kva slags fantasy utdraget frå Galderstjerna fell inn under. Samanlikn med andre tekstar de har lese, til dømes utdraget frå Skammarens dotter.

Prøv òg å komme fram til ei felles vurdering: Liker klassen teksten? Kvifor/kvifor ikkje?

Hugs å registrere resultatet.

Til slutt kan de snakke om korleis de opplevde å jobbe med kombinasjonen lesestopp og litteraturintervju.

 

Justering av stemmene.

Etter å ha lese og kanskje stemt over alle utdraga i Tid for ti-antologien, kan elevane ha endra oppfatning. For å ta høgde for dette er den elektroniske avstemmingsforma laga slik at klassen har mogelegheit til å endre på stemmene heilt fram til slutten på aksjonsperioden. Dersom klassen for eksempel meinte at den første teksten var «super», men etterpå har lese utdrag som dei er einige om er enda betre, kan klassen endre stemma si slik at det endelege resultatet avspeglar utviklinga. Vi har valt dette fordi vi ønskjer å signalisere at det går an å endre meining om ein tekst etter gode og opne diskusjonar, og fordi elevane kan ha utvikla seg som lesarar undervegs.