Enkeltoppgåver til Veslebror ser deg

Cory Doctorow

A. FØR:

Klassesamtale.

Del ut ark med påstandar til diskusjon (sjå ark til utdeling HER). Elevane skal no lese setningane, krysse av om dei er einige eller ueinige og førebu seg på å forklare kvifor. For å førebu grunngjevingane kan elevane eventuelt diskutere meininga i små grupper på fire elevar før dei held fram.

Som førebuing til lesinga kan de diskutere påstandane i heil klasse, der elevane grunngjev synspunkta sine.

 

Påstandar:

– Moderne samfunn må kunne overvake innbyggarane sine for å unngå kriminalitet og opprør.

– Fridom er viktigare enn tryggleik.

– Personar som utgjer ein trussel mot samfunnstryggleiken må kunne tvingast til å tale og bli fengsla utan rettssak.

– Berre dei som har noko å skjule treng å bekymre seg for overvakinga

– Skulen må få overvake bruken av datamaskinene til elevane

– Elevane treng gode digitale ferdigheiter

– Det er lov å hacke tryggleikssystemet til skulen dersom ein meiner at det har gått for langt.

– Skulen bør kontakte politiet dersom reglane på skulen blir brotne

– Folkeviser kan vere nyttige i ein forhøyrssituasjon

– Thriller-sjangeren er mest for vaksne.

 

B. UNDERVEGS:

– Finn og marker dei stadane i utdraget der påstandane ev. blir tematiserte. Legg også merke til om det blir gitt ei grunngjeving i teksten.

– Noter spørsmål til teksten dersom det er noko de lurer på.

 

C. ETTER:

1. Samtale om påstandar etter lesing

Klassesamtale.

Gå igjennom påstandane på nytt og spør elevane om det er nokon som har endra meining. Be elevane om å dele tankane sine. Kvifor har dei endra meining – eller kvifor ikkje?

 

2. Samtale om utdraget

Klassesamtale.

Snakk deretter om utdraget og la elevane dele tankane sine. Vi tilrår at litterære samtalar tar utgangspunkt i den personlige leseopplevinga til elevane. Opne og autentiske spørsmål – spørsmål der svaret ikkje er gitt på førehand – gjer det lettare for elevane å relatere litteraturen til eigen kvardag og eige liv og dermed også å engasjere seg i litteraturen. Begynn gjerne med spørsmål som: «Kva handla dette om?» eller «Kva skjedde her?». Dersom elevsvara vert følgde opp på ein oppmerksam og konstruktiv måte, opplever elevane at lesaropplevingane deira vert høyrde og tekne på alvor. Det kan for eksempel skje ved å la samtalen bygge vidare på elevane sine svar når eit nytt spørsmål vert formulert (såkalla opptak og høg verdsetting). Når elevane har fått høve til å formulere og diskutere leseopplevingane sine, oppmodar vi deg til å bruke teksten til å stille spørsmål som du veit vil engasjere.

 

3. Avstemming i heil klasse

Klassesamtale.

Til slutt diskuterer de utdraget i klassen med tanke på å nå fram til ei felles vurdering. Liker elevane teksten? Kvifor/Kvifor ikkje? Det er viktig at synspunkta vert grunngjevne.

Når avstemminga er ferdig, fører de resultata inn på Klassesida og på plakaten.

 

4. Aktivitetar

A. Sitt i grupper og lag ei historie saman der de er på feil stad til feil tid. Ein begynner å fortelje, neste følgjer på osv. Gjer det munnleg med alle i klassa samstundes.

B. Viss du hadde vore ein veldig god hackar, kva ville du ha brukt talentet ditt til? Skriv nokon avsnitt.

C. Kva er hacking? Lag ein presentasjon om temaet og vis han for dei andre i klassa.