Enkeltoppgåver til Hjarteklapp

Hilde Kvalvaag

A. Før:

Klassesamtale.

Sjå på bokomslag, tittel, sjangerlogo og snakk om forventningar til utdraget.

Samtala kan konkretiserast med utgangspunkt i spørsmål som:

– Kva tenkjer de når de les tittelen?

– Kva viser biletet?

– Kva tenkjer de når de ser på biletet?

– Kva kjem tydelegast fram på framsida?

– Er det nokon samanheng mellom framside og tittel?

– Kva trur de teksten handlar om?

– Kva for eit inntrykk får de av Ingvild?

– Kva for ei stemning trur de vil vere mest tydeleg – romantisk, spennande, trist, skummel, ekkel, morosam?

– Logoen viser forelsking. Har de lese andre bøker eller sett filmar med same tema?

– Kva for likskapar og skilnader ser de?

– Kva vil det seie å ha bi-lyd på hjartet?

– Korleis kan ein vite at ein er forelska?

– Går det an å sjå forelsking på ei MR-skanning? (Sjå ev. filmsnutt frå NRK: «Når hjernen er forelsket»)

– Korleis kan ein roman syne at ein person er forelska?

 

Viss du trur at elevane dine kanskje treng litt ekstra stønad til lesinga av utdraget frå Hjarteklapp, kan du vurdere eitt eller fleire av desse forslaga:

– Les ingressen høgt for elevane. Forklar gjerne situasjonen til Ingvild og kva det vil seie å ha bi-lyd på hjartet. Det kan òg vere ein idé å gje ein kort presentasjon av dei andre personane i utdraget: mor til Ingvild, Maria, Synne, Raggen osb.

– Lag ei liste med ord eller omgrep som du trur kan bli vanskelege for (nokre av) elevane dine. Del ut ei liste med desse orda til elevane eller skriv dei på tavla. Orda kan stå aleine eller i dei setningane dei opptrer i. La elevane markere kva for ord dei er sikre på tydinga av, kva for ord dei trur dei kan og kva for ord dei eventuelt ikkje kan. La dei deretter gå rundt i klassa og samanlikne med dei andre. Klarar dei i fellesskap å finne ut tydinga til alle orda? Framlegg til kva ord det kan dreie seg om er (her vil det vere stor skilnad på bokmålsbrukarar og nynorskbrukarar): bi-lyd, løyndom, hjå, kviskrar, stoggar, kjærleiksnarkoman, raudnar, voodoo, læst

 

B. UNDERVEGS

Sitatlogg

Be elevane velje ei eller fleire samanhengande setningar som gjer inntrykk på dei. Det kan for eksempel vere fordi setningane:

– er godt skrivne

– er vanskelege å forstå

– er morosame

 

C. ETTER

1. Snakk om teksten i heil klasse

Klassesamtale.

Be først elevane ta opp ting dei lurte på medan dei las, slik at alle har ei foreløpig forståing av innhaldet i teksten.

 

2. Mi leseoppleving

Individuelt arbeid.

La elevene uttrykkje korleis dei opplevde teksten ved hjelp av dei faste uttrykka under. Be dei velje ut nokre av uttrykka og deretter fortsette setningane. Det kan også vere ein idé å oppmode dei til å lage både positive og negative setningar for å gje ei nyansert framstilling av leseopplevinga si. Det er dessutan viktig at elevane prøver å gje ei forklaring ved å bruke ordet fordi.

Eksempel: Då eg las, la eg merke til … at Ingvild er oppteken av døden fordi ho nemner fleire gonger at ho skal døy.

 

1. Då eg las, la eg merke til …

2. Eg synest at …

3. Eg likte godt då …

4. Eg blei irritert over …

5. Det gjorde inntrykk på meg at …

6. Viss eg var …

7. Eg blei skuffa over …

8. Eg blei overraska over …

9. Slutten var …

10. Fordi …

 

3. Del leseopplevinga

Gruppesamtale.

Elevane jobbar i grupper på 2–4 elevar.

– Fortel kvarandre om leseopplevinga ved å bruke setningane frå oppgåva over.

– Deretter kan elevane dele inn eit ark i to eller tre felt og plassere utsegnene der dei passar inn: positive setningar i den eine kolonnen, negative i den andre, og dei setningane som verken er eintydig positive eller eintydig negative i den tredje. I kva for ein grad syner oversikta om gruppa som heilskap likte eller ikkje likte utdraget? Var elevane einige?

 

4. Diskusjon

Klassesamtale.

Ta utgangspunkt i den personlege leseopplevinga til elevane for å få til litterære samtalar som utviklar lesegleda til elevane og engasjementet deira for litteratur.

– La elevane få seie kva dei tenkjer om teksten, gjerne ved å bruke setningane frå oppgåva over.

– Følg opp svara til elevane med opne og autentiske spørsmål som byggjer vidare på svara – då opplever dei at leseopplevingane deira blir høyrde og tekne på alvor.

– Du kan òg innleie samtala med å oppmode elevane til å diskutere uttrykka og sjå på dei med eit meta-blikk. Gjer uttrykka det lettare å formulere leseopplevinga? Er det vanskeleg å måtte grunngje synspunkta sine? Er det uttrykk som elevane saknar?

– Når elevane har fått høve til å formulere og diskutere leseopplevingane sine, oppmodar vi deg til å bruke teksten til å stille spørsmål som du veit vil engasjere elevane dine. I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande spørsmål inngå i diskusjonen av utdraget:

  • Korleis kjem det fram at Ingvild er glad i Aksel?
  • Kvifor trur de at ho er glad i han?
  • Ingvild lurar på om ho kanskje er avhengig av kjærleik. Er det mogleg?
  • Meiner de at Ingvild er avhengig? Kvifor/kvifor ikkje?
  • Kva for andre følelsar kjenner Ingvild på i utdraget?
  • Kva trur de at Ingvild tenkjer om å få ei lita syster?
  • Kva trur de skjer vidare? Trur de at Ingvild og Aksel blir saman?
  • Når føler de at hjarta dykkar bankar som hardast?

Det er òg ei mogelegheit å be elevane prioritere lista med spørsmål. Kva for spørsmål er det elevane synest er dei viktigaste i utdraget? Kjem dei på andre spørsmål? Ta utgangspunkt i dei fem spørsmåla som elevane synest er dei viktigaste og snakk om teksten.

 

5. Aktivitet: Snakk, teikn eller skriv

A. Korleis kan ein vite at ein er forelska? Skriv ned eller snakk saman to og to.

B. Sjå for deg at Ingvild og Aksel blir saman. Korleis skjer det og kva skjer vidare? Vel om du vil skrive eller teikne.