Enkeltoppgåver til Keeper´n til Tunisia

Lars Mæhle

A. FØR:

Klassesamtale.

Sjå på bokomslag, tittel, sjangerlogo og snakk om forventningar til utdraget.

Samtala kan konkretiserast med utgangspunkt i spørsmål som:

– Kva tenkjer de når de les tittelen?

– Kva viser biletet?

– Kva for tankar får de når de ser på biletet?

– Kva for eit inntrykk får de av Jo?

– Kvifor trur de at han heng på knaggen?

– Kva for ein relasjon trur de det er mellom han og jenta som står framfor ham?

– Jamfør med filmplakat (http://p3.no/filmpolitiet/2010/10/keepern-til-liverpool/). Kva for likskapar og skilnader legg de merke til?

– Kva trur de no om relasjonen mellom personane på biletet?

– Logoen viser humor. Kva slags forventningar har de til ei humor-bok?

 

Viss du trur at elevane dine kanskje treng litt ekstra stønad, kan du vurdere eitt eller fleire av følgjande forslag:

– Les ingressen og snakk om å samle på slike fotballkort eller å samle på andre ting. Kan elevane kjenne seg att i eit ønske om å få tak i det siste – og mest ettertrakta – samleobjektet?

– Ei anna moglegheit er å lese den første sida (til stjerna nedst på side 8) og deretter spørje elevane om kvifor dei trur at Jo synest at det er så deprimerande at Pølsa har fått tak i keeperen til Tunisia.

– Lag ei liste med ord som du trur kan bli vanskelege for (nokre av) elevane dine og del ut lista til elevane. Orda kan stå aleine eller som del av dei setningane dei opptrer i. La elevane markere kva for ord dei er sikre på tydinga av, kva for ord dei trur dei kan og kva for ord dei eventuelt ikkje kan. La dei deretter gå rundt i klassa og samanlikne med dei andre. Klarar dei i fellesskap å finne ut tydinga til alle orda? Framlegg til kva ord det kan dreie seg om er (her vil det vere stor skilnad på bokmålsbrukarar og nynorskbrukarar): plattfotsolar, vindauge, velrenommerte, hugse, kjensla, vekelønner, omgrep, landskapsbileta, utmanøvrerte, manisk depressiv, sogne, øverbygdingar, slantar. Det er òg mogleg å be elevane finne til dømes 5 ord som dei ikkje forstår når dei les utdraget.

 

 

B. UNDERVEGS

Be elevane notere stikkord til teksten på sida «Mine tankar og notat» etter utdraget.

Det kan til dømes vere stikkord til:

– deira oppleving av eg-personen

– språklege kjenneteikn, som til dømes overdrivingar

– noko dei synest er rart, overraskande, morosamt?

 

C. ETTER

1. Snakk om teksten i heil klasse

Klassesamtale.

Be elevane først ta opp ting dei lurte på medan dei las, slik at alle har ei førebels forståing av innhaldet i teksten.

 

2. Mi leseoppleving

Individuelt arbeid.

La elevane uttrykkje korleis dei opplevde teksten ved hjelp av dei faste uttrykka under. Be dei velje ut nokre av uttrykka og fortsette på setningane. Det kan også vere ein idé å oppmode dei til å lage både positive og negative setningar for slik å gje ei nyansert framstilling av leseopplevinga si. Det er dessutan viktig at elevane prøver å gje ei forklaring ved å bruke ordet fordi.

Til dømes: Eg likte godt då … mora til Pølsa vart beskriven fordi eg følte at eg kjente ein slik person.

1. Då eg las, la eg merke til …

2. Eg synest at …

3. Eg likte godt då …

4. Eg blei irritert over …

5. Det gjorde inntrykk på meg at …

6. Viss eg var …

7. Eg blei skuffa over …

8. Eg blei overraska over …

9. Slutten var …

10. Fordi …

 

3. Del leseopplevinga

Gruppesamtale.

Elevane jobbar i grupper på 2–4 elevar.

Be dei fortelje kvarandre om leseopplevinga si ved å bruke setningane frå oppgåva over.

 

4. Diskusjon

Klassesamtale.

Ta utgangspunkt i den personlege leseopplevinga til elevane for å få til litterære samtalar som utviklar lesegleda til elevane og engasjementet deira for litteratur.

– La elevane få seie kva dei tenkjer om teksten, gjerne ved å bruke setningane frå oppgåva over.

– La samtala utvikle seg ved å formulere opne og autentiske spørsmål som byggjer vidare på svara til elevane – då vil dei sjå at leseopplevingane deira blir høyrde og tekne på alvor.

– Når elevane har fått høve til å formulere og diskutere leseopplevingane sine, oppmodar vi deg til å bruke teksten til å stille spørsmål som du veit vil engasjere elevane.

I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande spørsmål inngå i diskusjonen av utdraget:

– Kva slags inntrykk får de av Jo? Kvifor? Liker de han? Kvifor/kvifor ikkje?

– Kva slags inntrykk får de av dei andre personane?

– Korleis kjem det fascinerande ved å samle på ting fram i teksten?

– Er det nokon i klassa som samlar på fotballkort? Andre ting? Kva er det som er så fascinerande med å samle? Kjenner de att følelsen slik han kjem fram i teksten?

– Kvifor trur de at Jo kallar keeperen til Tunisia for «mystisk» og «magisk»?

– Finst det gjenstandar som har ein særleg høg verdi for elevane? Kva for gjenstandar er det? Og kvifor er akkurat dei så attraktive?

– Kjenner de dykk igjen i følelsen av å mislike at ein annan får noko som de ønskjer dykk? Forklar.

– Veit elevane om ein person som Arnfinn der de bur – ein som speler fotball eller driv på med noko anna?

– Kva trur de skjer vidare?

– Kva hadde de gjort dersom de hadde vore Jo?

 

5. Diskusjon og avstemming i heil klasse

Til slutt kan de diskutere utdraget i klassa og komme fram til ei felles vurdering:

– Likar klassa teksten? Kvifor/kvifor ikkje?

Det er viktig at synspunkta vert grunngjevne. Det er dessutan av stor betyding at ramma er hyggeleg, og at elevane får framføre opplevinga si og akkurat dei meiningane og forklaringane som betyr noko for dei. Dersom det er mogleg, kan det vere ein god idé å kombinere avstemminga med ei avslutning på veka, til dømes med frukt, kake, quiz eller liknande.

 

6. Registrering av resultatet

Vi ønskjer å høyre kva elevane synest om utdraga og håpar derfor at læraren vil føre inn resultatet på Klassesida på tidforti.no når avstemminga er over. Under kvart utdrag på klassesida finst ein «Stem på boka»-knapp der klassa kan stemme over tekstane. Er utdraga: Dårleg, Passe bra, Bra, Veldig bra eller Super? Samstundes kan klassa sende inn ei grunngjeving: Klikk på «Våre meiningar om utdraget», skriv ei kort forklaring og trykk på «Send inn». Tilbakemeldingane til klassa vert dermed høyrde utanfor klasserommet, og vurderinga til elevane vil påverke samansetjinga av neste års antologi.

 

7. Aktivitet: Skriveoppgåver

A. Tenk deg at du er Arnfinn. Du går på fotballgymnas der du gjer det veldig bra, og det er forventa at du skal bli den store fotballproffen frå Furdal. Skriv ei novelle om presset, forventningane og draumen om å bli fotballproff.

B. Har du nokon gong hatt lyst på noko så intenst som Jo har lyst på fotballkortet med keeperen til Tunisia? Eller vore sjalu på nokon som fekk noko du hadde lyst på? Skriv ei forteljing om kvifor du hadde så lyst på dette og kva som skjedde.