Opplegg til Blå flaggermus

av Harald Nortun

 

FØR:

Sjå på bokomslag, tittel og sjangerlogo og snakk om forventningar til utdraget.

Samtalen kan konkretiserast med utgangspunkt i spørsmål som:

– Kva legg dokker merke til på framsida av boka?
– Kva for tankar får dokker når dokker ser på biletet?
– Kva tenker dokker når dokker høyrer tittelen Blå flaggermus?
– Kva trur dokker at ei bok med denne tittelen handlar om?

Sjangeren er drama.
– Kva veit dokker om denne sjangeren?
– Kva slags drama-bøker har dokker lese?
– Kva slags forventingar har dokker til ei bok i denne sjangeren?

UNDERVEGS:

Set strek i margen når du les …

– noko som overraskar deg
– noko som gjer inntrykk på deg
– noko du lurar på

ETTER:

1. Snakk kort om teksten i heil klasse

Klassesamtale.

Gje elevane moglegheita til å ta opp ting dei lurte på mens dokker las, slik at alle har ei førebels forståing av innhaldet i teksten

2. «Stille lesesirkel»

Gruppearbeid.

Elevane går i grupper på 3–4 elevar som skal samarbeide om å lage ein «stille» lesesirkel, dvs. ein lesesirkel der dei ikkje får lov til å snakke, men berre skrive til kvarandre.

Kvar elev treng eit ark, noterer namnet sitt øvst i venstre marg og kan òg skrive «Hei» øvst på sida, ev. følgt av namn på gruppemedlemmane for å understreke det autentiske elementet. Elevane får no 1–2 minutt til å skrive om leseopplevinga si. Dei kan skrive tankar, kjensler, spørsmål eller andre reaksjonar på teksten dei har lese – heilt utan å snakke. Dei bør skrive med leseleg skrift og bruke så mykje av tida som mogleg til å skrive.

Når tida er ute, skal alle elevane sende teksten sin mot venstre, til den eleven som sit der. Elevane les arket dei har fått, skriv namnet sitt i venstre marg og får deretter 1–2 minutt til å reagere på teksten til naboen: Dei kan skrive ein kommentar til teksten, fortsette tankerekkja, skrive om dei er einige eller ueinige, stille spørsmål eller ev. sette i gang ei ny tankerekkje.

Etter tre rundar kjem arket att til eleven som starta å skrive på det. Vedkommande les tekstane og set strek under ei setning på arket – den setninga som eleven synest er mest interessant og som han/ho har lyst til å diskutere vidare i gruppa.

Deretter får elevane endeleg lov til å snakke. Be dei om å begynne med ei av dei utvalde setningane og la dei elles få snakke fritt om utdraget i nokre minutt.

 

3. Samtale i heil klasse

Klassesamtale.

Kvar gruppe kan no få seie litt om kva dei diskuterte i gruppa og i kva grad dei likte å jobbe med «stille» lesesirkel. Syt for at så mange som mogleg kjem til orde i samtalen.

Følg gjerne opp samtalepunkta ved å formulere opne og autentiske spørsmål som byggjer vidare på svara til elevane – då opplever elevane at leseopplevinga deira blir høyrd og teken på alvor.

Viss ønskeleg kan òg eitt eller fleire av følgjande meir spesifikke spørsmål inngå i diskusjonen av utdraget:

– Kva slags inntrykk får dokker av Tomas?
– Kva synest dokker om eg-forteljaren, Sander?
– Kva trur dokker dei to ungdommane skal gjere med hønene?
– Kva trur dokker eit «skadometer» er for noko? Korleis ser det ut?
– Kva synest dokker om leiken?
– Når synest dokker ev. at dei to ungdommane går for langt?
– Kva slags inntrykk får dokker av Malin?
– Kvifor trur dokker at Malin kallar Sander for «nevøen min»?
– Kvifor trur dokker at Sander siterer Bibelen når han reiser seg?
– Kva trur dokker kjem til å skje vidare?
– Trur dokker at Sander og Tomas blir avslørte?

 

Ekstraoppgåve:

Planlegg ein praktisk spøk og skriv han ned (maks ei side).
Kva er planen din?
Kva trengst for å gjennomføre planen?
Kva slags reaksjon trur du at du vil få?
Til slutt kan du gjennomføre planen – viss det passar – og avslutte med å skrive eit par linjer om korleis det gjekk.