Opplegg til Den tolvte spelaren

av Tor Arve Røssland

FØR:

1. Handlinga i boka er lagd til 1980-talet.
Kva slags forventningar har dokker til ei handling frå dette tiåret?

2. Kva får dokker til å grøsse?
Gruppearbeid.

Sjangerlogoen til utdraget frå Den tolvte spelaren viser grøss.
Del inn elevane i grupper og la dei diskutere:

1. Kva forventar dokker når dokker høyrer ordet grøss?
2. Kva må til for at dokker skal grøsse?
3. Kvifor er det nokon som grøssar meir enn andre?
4. Finst det forskjellige slags grøss? Forklar.
5. Kva slags andre grøssar-bøker og -filmar veit dokker om?
6. Kva må vere med i ein god grøssar?

Skriv ned stikkord.

3. Oppsamling i heil klasse
Klassesamtale

Be gruppene fortelje kva dei har kome fram til.
Del dei forskjellige typane grøss inn i grupper ut ifrå svara til elevane.
Prøv til slutt å avgjere kva slags grøss Den tolvte spelaren kan vere, ut ifrå framsida og ingressen.

Les ev. meir om grøss her

UNDERVEGS:

Be elevane dele inn i avsnitt og markere:

– avsnitt som er spennande eller skumle
– setningar og formuleringar dei likar/ikkje likar

ETTER:

1. Snakk om utdraget i grupper

Gruppearbeid.

La elevane sitte i grupper på 4 og ha ein samtale med utgangspunkt i følgjande spørsmål:

– Kva for avsnitt synest dokker er mest spennande? Er dokker einige?
– Er dokker einige om kva for avsnitt som er minst spennande?
– Kva for setningar/formuleringar har dokker valt å framheve? Har dokker valt dei same eller ulike setningar/formuleringar?
– Kvifor har dokker valt nett desse uttrykka?

Boka er såkalla lettlesen.

– Er dokker einige i at ho er det?
– Korleis oppfattar dokker teksten?

2. Vurdering

Grupper på 4-5 elevar.

La deretter elevane ta stilling til utdraget:

– Likar dokker utdraget?
– Kva er dei 3 viktigaste grunnene til at dokker likar/ikkje likar teksten?

La elevane snakke saman i gruppa om kva dei synest er bra og/eller dårleg med teksten, og kva dei eventuelt synest kunne vore betre.
Be elevane lage to lister: ei liste over dei tinga som er med på å gjere teksten god (argument for), og ei liste over ting som dei meiner dreg ned kvaliteten på utdraget (argument mot).

Oppmod elevane til å skrive så mange fordelar og ulemper som dei greier.

3. Debatt i grupper à 4-5 elevar

Gruppesamtale.

Del gruppene frå oppgåve 2 i to. Den eine halvparten tar lista med argument for og den andre med argument mot. Elevane med argument for vert sette saman med ei anna gruppe med argument mot. Fyrstnemnde skal argumentere for at teksten er god, sistnemnde skal argumentere mot. Køyr debatt!

4. Diskusjon i heil klasse

Klassesamtale.

Snakk om teksten med utgangspunkt i leseopplevingane til elevane. Still opne og autentiske spørsmål og oppfølgingsspørsmål som bygger vidare på svara til elevane.

I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande spørsmål inngå i samtalen:

– Kva synest dokker om Kevin?
– Kva trur dokker har skjedd med guten i garderoben?
– Trur dokker guten er ute etter Kevin eller nokon andre på laget og i bygda?
– Kva trur dokker tittelen Den tolvte spelaren spelar på?
– Veit dokker kva ein videofilm er? Forstår dokker kva videoforhandlaren meinte med «hugs å spole filmen tilbake?»
– Kvifor trur dokker handlinga er lagd til 1980-talet?
– Kva slags inntrykk får dokker av lagkameratane til Kevin?
– Enn trenaren?
– Har dokker sjølv nokon gang opplevd noko skummelt?
– Kva trur dokker skjer vidare?
– Synest dokker at utdraget er spennande? Skummelt? Kvifor/kvifor ikkje?
– Kva er det ev. ved utdraget som gjer at dokker grøssar?

Avslutt gjerne diskusjonen med ein meta-samtale: Vend tilbake til sjangerperspektivet frå førlese-samtalen og snakk om kva slags grøss dokker trur Den tolvte spelaren er. Diskuter også i kva grad utdraget levde opp til dei forventningane dokker hadde før lesinga. Trur dokker at fleire av desse forventningane blir møtte seinare i boken?

5. Vurdering og avstemming

Heilt til slutt kan dokker diskutere utdraget i klassa med tanke på å kome fram til ei felles vurdering:

Likar dokker utdraget frå Den tolvte spelaren?

Kvifor/kvifor ikkje?

Det er viktig at synspunkta vert grunngjevne, at rammene er hyggelege og at elevane får høve til å framføre leseopplevingane sine og akkurat dei meiningane og grunngjevingane som betyr noko for dei. Legg gjerne att klassens meining i boksen «Våre meiningar om utdraget» under utdraget.

Les òg kva ungdom meiner om boka på uprisen.no. Les elevane heile boka, kan dei og skrive ei bokmelding på Uprisen.no
NB! Det er viktig at elevane har lese heile boka før dei skriv bokmelding på uprisen.no. Det held ikkje berre å ha lese utdraget.

Ekstraoppgåver:

1. Lag ein boktrailer.
La elevane lage ein boktrailer der dei presenterer utdraget frå Den tolvte spelaren eller heile boka. Denne rettleiinga forklarer på ein enkel og oversiktleg måte korleis ein kan gå fram for å lage ein boktrailer og tek samstundes opp viktige spørsmål om digital opphavsrett m.m. Dokker kan òg sjå på ein av disse boktrailerane, laga for å presentere tidlegare bøker av Tor Arve Røssland:

2. Skriv ein grøssar om kven du trur guten i garderoben er, eller lag ein skrekkfilm der du tek utgangspunkt i det som skjer i boka.

3. Lag ei teikning av guten i garderoben.

4. Høyr på lydfila som følger med utdraget. Be deretter elevane skrive eller fortelje munnleg: Kva følte dokker då dokker lytta til forteljinga?