Opplegg til Djevelen vil alltid finne deg

av Lars Mæhle

 

FØR:

Klassesamtale.

Les ingressen høgt for elevane og be dei sjå på framsida.

NB! Det er meininga at elevane berre skal lytte til utdraget – ikkje lese – og det kan derfor vere ein fordel å vise framsida på ein projektor.

Snakk deretter litt om boka, til dømes ved hjelp av spørsmål som desse:

Denne boka er i kategorien spenning.
– Kva slags forventningar har dokker til ei spenningsbok?
– Kva slags andre spenningsbøker veit dokker om?
– Kva med filmar som er spennande?
– Er det nokon forskjell på kva dokker meiner er spennande i film og i bok?
– Kvifor trur dokker at spenning er ein populær sjanger blant ungdom?
– Kva meiner dokker det er som gjer ein tekst spennande å lese?

– Kva slags tankar får dokker når dokker høyrer tittelen, Djevelen vil alltid finne deg?
– Kva tenker dokker om omslaget?
– Kva legg dokker i tittelen?
– Kva slags andre bøker av forfattaren kjenner dokker til?
– Trur dokker at dokker kjem til å like teksten? Kvifor/kvifor ikkje?


UNDERVEGS:

Elevane tek notat medan dei lyttar til lydfila som høyrer til utdraget frå Djevelen vil alltid finne deg. Lydfila er – som lydfilene til alle dei andre utdraga – tilgjengeleg på tidforti.no. Det kan vere lurt å spele av lydfila to gongar.


ETTER:

1. Skriv eit samandrag
Individuelt arbeid.

Elevane skriv eit samandrag av utdraget på bakgrunn av notata deira.


2. Jamføre samandrag

Gruppesamtale.

Når tida er ute og elevane er ferdige, skal dei sette seg i grupper på 2-3 elevar og samanlikne samandraga dei har skrive. Har dei skrive det same? Kva er eventuelt forskjellig? Har dei fått med det viktigaste? Korleis er det å skulle skrive samandrag av ein tekst utan å lese – berre å lytte?


3. Diskusjon i heil klasse

Klassesamtale.

La først elevane dele erfaringane med å skrive samandrag i heil klasse. Dei kan òg snakke om korleis dei opplevde måten utdraget vart lese på. Snakk deretter om teksten med utgangspunkt i leseopplevinga til elevane. Still opne og autentiske spørsmål og oppfølgingsspørsmål som byggjer vidare på svara til elevane.

I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande spørsmål inngå i samtalen:

– Kva slags inntrykk får dokker av Onu?
– Kva med Alex og Irmelin?
– Kvifor seier Regina Korp «Don’t go into the cave»?
– Kvifor trur dokker Onu går imot åtvaringa frå Regina?
– Kva er det med boka Onu, Alex og Irmelin finn i grotta?
– Kva hadde dokker gjort viss dokker hadde vore Onu?
– «Ord kan vere livsfarlege» seier Onu. Er dokker einige?
– «Såg» dokker for dokker handlinga mens dokker las? Var det eventuelt delar av handlinga, personar eller ting som var lettare å sjå for seg enn andre? Kva for nokon?
– Kven trur dokker kjem inn i grotta?
– Kva trur dokker vil skje vidare?

Avslutt med å vurdere teksten.
– Likte dokker utdraget? Kvifor/kvifor ikkje?


Skriveoppgave:

Førestill deg at du er Onu og på veg inn i grotta.
– Kva føler du før du går inn? Kva er det du ser i grotta? Kven er det som dukkar opp i grotta med lommelykt? Korleis kjem du deg ut utan at nokon ser deg?