Opplegg til Eg er eg er eg er

av Ruth Lillegraven

FØR:

Diskuter med klassen:

Eg er eg er eg er er ei diktsamling.
– Kva slags forventingar har dokker til dikt?
– Ser eller høyrest dikt ut på ein særskild måte?
– Kva vil dokker seie at dikt handlar om?
– Er det noko anna enn til dømes romanar?

Se på forsida.
– Kva legg dokker merke til?
– Kva slags kjensle vil dokker seie at biletet uttrykker?
– Kva tenker dokker om tittelen?
– Kvifor trur dokker at «eg er» blir gjenteke tre gonger?
– Kva slags samanheng ser dokker mellom biletet og tittelen?

Ta utgangspunkt i nokre av dikta, til dømes dei tre tekstane «Vårvill», «Hjartet mitt» og «Vaksne».

 

 

UNDERVEGS:

Be elevane om å lese kvart av dei tre dikta tre gonger.
Be dei dessutan om å gjere følgande, i forbindelse med kvar gjennomlesing:

– legge merke til kva dei legg merke til medan dei les
– vurdere kor godt dei sjølv synest at dei forstår diktet på ein skala frå 1 til 10

Når kvart dikt er lese tre gonger, skal dei dessutan notere utviklinga i forståing av kvart dikt. Be dei òg skrive ned dei spørsmåla dei har til kvart av dei tre dikta.

 

 

ETTER:

Klassesamtale
For kvart av dei tre dikta tek dokker utgangspunkt i leseopplevinga til elevane og snakkar om diktet.
Dokker kan til dømes bruke desse spørsmåla som utgangspunkt:
– Kva la dokker merke til?
– Kva synest dokker var lett å forstå og kva var meir vanskeleg?
– Var det noko som overraska dokker?
– Kva slags spørsmål har dokker til diktet?

I tillegg kan desse spørsmåla inngå i samtalen:

«Vårvill»
– Kva tenker dokker om tittelen på diktet, «Vårvill»?
– Korleis vil dokker beskrive kva diktet handlar om?
– Kven er hovudkarakteren i diktet?
– Kva slags inntrykk får dokker av eg-et i diktet?
– Kvifor trur dokker han blir beskriven som «vesle»?
– Kvifor trur dokker han seier at han er «ekte og vanleg»?
– Kva slags forventingar har dokker til våren?
– Kva lovar den vesle våren i diktet?
– Korleis forstår dokker uttrykket «gull og grøne skogar»?
– Kvifor trur dokker at fleire uttrykk i diktet blir gjentekne?
– Kvifor trur dokker at «eg er» blir gjenteke tre gonger?
– Og kvifor trur dokker at det står «berre vent» to gonger på slutten av diktet?
– Korleis forstår dokker slutten på «Vårvill»?

 

«Hjartet mitt»
– Kva tenker dokker når dokker høyrer tittelen på dette diktet?
– Kven sitt hjarte trur dokker det er snakk om?
– Kva tenker dokker når dokker les den første linja, «berre vent»»?
– Når på året trur dokker diktet finn stad?
– Korleis vil dokker beskrive hjartet?
– Kvifor trur dokker hjartet «syng»?
– Kva slags stemning trur dokker hjartet er i?

 

«Vaksne»
– Kva slags inntrykk får dokker av foreldra i diktet?
– Kva slags inntrykk får dokker av eg-et i diktet?
– Tenker dokker at eg-et i diktet er det same som i dei to førre dikta? Kvifor/kvifor ikkje?
– Er dokker einige i det som står på slutten – at vaksne berre er store barn som får bestemme sjølve? Grunngi svaret.
– Hadde dokker gjort som dei vaksne i diktet om dokker hadde fått bestemme sjølve? Fortel.

Til slutt kan elevane ta stilling til kva dei meiner om dikta:
– Liker dokker dikta? Kvifor/kvifor ikkje?