Opplegg til Glimt

 

av Tor Arve Røssland

FØR:

1. Kva får dykk til å grøsse?
Gruppearbeid.

Sjangerlogoen til utdraget frå Glimt viser grøss.

Del inn elevane i grupper og la dei diskutere:
a. Kva forventar de når de høyrer ordet grøss?
b. Kva får dykk til å grøsse?
c. Finst det forskjellige slags grøss? Forklar.
d. Kva slags andre grøssar-bøker og -filmar veit elevane om?
e. Kva må vere med i ein god grøssar? Skriv ned stikkord. Kva forventar elevane av ein god grøssar?

2. Oppsamling i heil klasse

Klassesamtale

Be gruppene fortelje kva dei har kome fram til.

Del inn dei forskjellige slaga grøss i grupper ut ifrå svara til elevane. Det er òg mogleg å samanlikne med denne tredelinga, henta frå ein artikkel av Ann Sylvi Larsen i Norsklæraren:

a) den eventyrlege skrekkforteljinga

b) forteljingar om det ukjende – den psykologiske skrekken

c) psykopatforteljingar

Prøv til slutt å avgjere kva slags grøss Glimt kan vere ut ifrå framsida og ingressen.

 

UNDERVEGS:

Be elevane dele inn i avsnitt og markere:

– Avsnitt som er spennande eller skumle
– Setningar og formuleringar dei likar/ikkje likar

ETTER:

1. Gruppearbeid

La elevane sitte i mindre grupper og ha ein samtale med utgangspunkt i følgjande spørsmål:
– Er de einige om kva for avsnitt som er mest spennande?
– Er de einige om kva for avsnitt som er minst spennande?
– Kva for setningar/formuleringar har de valt å framheve?

Dei kan òg snakke om kva dei synest er bra og/eller dårleg med teksten, og kva dei eventuelt synest kunne vore betre.


2. Diskusjon i heil klasse
Klassesamtale

Snakk om teksten med utgangspunkt i leseopplevingane til elevane. Still opne og autentiske spørsmål og oppfølgingsspørsmål som bygger vidare på svara til elevane.

I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande spørsmål inngå i samtalen:
– Kva synest de om Jon?
– Kva slags relasjon trur de han har til foreldra sine?
– Trur de Jon har ein mistanke om kven som driv gjøn med han?
– Kvifor spør han ikkje berre Rebekka eller ein av dei andre i bandet?
– Kva slags inntrykk får de av Rebekka?
– Kvifor trur de at Jon berre vert meir interessert i Rebekka etter besøket i butikken?
– Har de nokon gang opplevd å vere offer for ein spøk som ikkje vart avslørt?
– Kvifor trur de at den første filmsnutten vart tatt opp kl. 19.33, akkurat då Finn og ungdomane insisterer på å kome seg ut av ungdomshuset?
– Korleis vil de forklare det som skjer?
– Kven trur de det er som dukkar opp i kameraet på slutten?
– Kvifor trur de at Jon røskar ut leidningane?
– Kva trur de skjer vidare?
– Synest de at utdraget er spennande? Skummelt? Kvifor/kvifor ikkje?
– Kva er det ev. ved utdraget som gjer at de grøssar?

Avslutt gjerne diskusjonen med ein meta-samtale: Vend tilbake til sjangerperspektivet frå førlese-samtalen og snakk om kva slags grøss de trur Glimt er. Diskuter også i kva grad utdraget levde opp til dei forventningane de hadde før lesinga. Trur de at fleire av desse forventningane blir møtte seinare i boken?

Glimt er det ei parallell historie til den andre verdskrigen.
– Kvifor trur de at forfattaren gjer eit slikt grep?
– Kva kan tittelen bety i så måte?

3. Vurdering og avstemming

Heilt til slutt kan de diskutere utdraget i klassa med tanke på å kome fram til ei felles vurdering:

Likar de utdraget frå Glimt?

Kvifor/kvifor ikkje?

Det er viktig at synspunkta vert grunngitte, at rammene er hyggelege og at elevane får høve til å framføre leseopplevingane sine og akkurat dei meiningane og grunngjevingane som betyr noko for dei.

Avslutt gjerne med å stemme over utdraget på tidforti.no og/eller legg inn meiningane deira om teksten. Vi set òg veldig stor pris på om du som lærar ønskjer å vurdere korleis utdraget fungerte som del av litteraturundervisninga – om det bidrog til å skape engasjement for lesing blant elevane dine osv.

Les òg kva ungdom meiner om boka på uprisen.no
Ekstraoppgåver:

1. Lag ein boktrailer.

La elevene lage ein boktrailer der dei presenterer utdraget frå Glimt eller heile boka. Denne video-rettleiinga forklarer på ein enkel og oversiktleg måte korleis ein kan gå fram for å lage ein boktrailer og tek samstundes opp viktige spørsmål om digital opphavsrett m.m. De kan òg sjå på ein av disse boktrailerane, laga for å presentere tidlegare bøker av Tor Arve Røssland:

https://www.youtube.com/watch?v=bEi7XRP_GsA

https://www.youtube.com/watch?v=N-khN49Fj7I

https://www.youtube.com/watch?v=WhOCrTXCFnA

2. Skriv ein grøssar om kva du trur er på filmen til Jon, eller lag ein skrekkfilm der du tek utgangspunkt i det som skjer på filmen.

3. Lag ei teikning av ansiktet Jon oppdagar i kameraet.

4. Høyr på lydfila som følger med utdraget. Be deretter elevane skrive eller fortelje munnleg om kva dei følte då dei lytta til det?