Opplegg til Kamikaze

av Geir Tangen

 

FØR:

Kamikaze er ei novelle.
– Kva slags forventningar har dokker til ei novelle?
Samanlikn ev. med den definisjonen dokker finn her.
– På kva måte er forventningane til ei novelle annleis enn til eit utdrag frå ein roman?


UNDERVEGS:

Sitatlogg

Be elevane velje ei eller fleire samanhengande setningar som gjer inntrykk på dei. Det kan til dømes vere fordi setningane:

– er vanskelege å forstå
– gjer inntrykk
– er godt skrivne
– markerer eit brot på handlinga

ETTER:

1. Snakk om sitat

La elevane sitte i grupper og snakke om den spontane leseopplevinga deira. Be elevane om å lese høgt eitt eller fleire av dei sitata som dei har valt ut og grunngi kvifor dei valde akkurat desse setningane.


2. Vurdering

a. Personleg vurdering
Individuelt arbeid.

Be elevane ta stilling til utdraget:
– Likte du utdraget?
– Kva er dei 3 viktigaste grunnane til at du liker/misliker teksten?


b. Finn argument

Arbeid i par

Del elevane inn i par. Be dei snakke saman i gruppa med utgangspunkt i vurdering og argument frå punktet over.

Elevane skal nå lage to lister: éi liste med argument for, og éi liste med argument mot, til kvart av synspunkta.

Be også elevane diskutere kva for argument dei synest er gode og grunngi kvifor.

Elevane skal deretter bruke desse argumenta. Først skal dei argumentere for, og så skal dei argumentere mot. Dette gjer dei etter tur: Den eine argumenterer, mens den andre berre høyrer på.


c. Byt standpunkt

Grupper på fire

No skal para gå saman to og to (grupper på fire). I kvar av desse nye gruppene, skal to og to debattere mot kvarandre. Den eine gruppa skal argumentere for, og den andre gruppa skal argumentere mot. Etter fem minuttar skiftar gruppene på kven som skal argumentere for og mot.

Når debatten er ferdig i gruppene, kan han halde fram i heil klasse. Streken kan brukast som ein måte å få fram og synleggjere ulike meiningar på.


d. Streken

Heil klasse

Streken er ein metode for debatt i klasserommet. Føremålet med denne metoden er å få fram ulike meiningar og gode diskusjonar i klasserommet.

Marker ein strek i klasserommet med teip, bøker, ved å peike eller anna.

‘Streken’ skal fungere som ein einig/ueinig-akse, og elevane skal i løpet av diskusjonen plassere seg i forhold til denne aksen. Ein person – til dømes læraren – set fram ulike påstandar i løpet av sekvensen. Elevane skal plassere seg på den eine eller andre sida, eller midt på. Deretter blir det opna for grunngjevingar og diskusjon, og elevane får høve til å flytte på seg kvar gong dei endrar synspunkt.

Det kan vere ein god idé å starte med uskyldige påstandar slik at elevane får høve til å prøve å flytte på seg før dei større diskusjonane startar. Framlegg til oppvarmingsspørsmål:

– Eg bada i sommar
– Eg liker at sola skin
– Eg gler meg til vinteren
– Eg liker sushi

 

Dette er spørsmål der det vil vere ei viss usemje – men lite sannsynleg at mange flytter seg i løpet av diskusjonen. La derfor diskusjonen vere kort. Set deretter i gang med ein klassediskusjon på bakgrunn av utsegner frå den som leier diskusjonen.

Utsegnene kan hentast frå eller basere seg på ei liste med argument frå gruppene dersom streken er førebudd med gruppearbeid (jf. framlegget over), men lærar kan også velje å førebu påstandar sjølv og/eller trekke ut påstandar frå diskusjonen etter kvart som han utviklar seg. Pass på at spørsmåla eller påstandane alltid er laga slik at alle alternativ er like riktige, det skal ikkje vere mogleg å velje «feil».

Deretter blir eit nytt synspunkt sett fram, og ein ny diskusjon begynner.

Viss mange av elevane plasserer seg på same side, kan læraren trekke inn elevane i diskusjonen på følgjande måte: læraren ser at det er færre på den eine sida av streken og gir derfor ordet til eit par av dei elevane som er på den sida der det er færrast elevar. Elevane skal grunngi kvifor dei er einige/ueinige.

Til slutt blir elevane oppfordra til å gi uttrykk for om dei får lyst til å lese resten av boka? Kvifor/kvifor ikkje?

Opplegget over eignar seg også som førebuing til arbeid med bokmeldingar.