Opplegg til Klure

av Atle Hansen

FØR:

Klassesamtale.

Sjå på bokomslag, tittel, sjangerlogo og snakk om forventningar til utdraget.

Samtalen kan konkretiserast med utgangspunkt i spørsmål som:
– Kva ser dokker på framsida av boka?
– Kva for tankar får dokker når dokker ser på biletet?
– Kva slags inntrykk får dokker av guten på biletet?
– Korleis trur dokker han har det?
– Kva for stemning formidlar bilete, bokstavar og fargebruk – skummel, spennande, ekkel, dramatisk, romantisk?
– Kva er det som gjer at dokker får den kjensla?

– Veit dokker kva tittelen, Klure, tyder?
– Kva synest dokker om tittelen?
– Kva trur dokker at ei bok med denne tittelen handlar om?

Les ingressen og sjå på sjangerfiguren.
– Kva slags samanheng ser dokker mellom ingress, sjangerfigur og tittel?
– Kva slags forventningar har dokker til ei bok som handlar om mobbing?
– Kvifor trur dokker at Jens ikkje vil fortelje at han blir plaga?
Teksten er lettlesen og har mellom anna fått plass på 100-lista til Leser søker bok – ei liste over dei beste og lettaste bøkene som er gitt ut dei siste åra.
Viss du som lærar vurderer at utdraget kan bli ei utfordring for elevane dine, kan det vere ein god idé å dramatisere delar av teksten for elevane. For elevar som har nynorsk som sidemål kan de dessutan førebu lesinga gjennom å snakke om eitt eller fleire av følgjande ord: skore (s.31), korleis (s. 31), gøyma (s.32), trøene (s.34), nyttelaust (s. 35), raud (s. 35), augo (s.36), lågt (s.37), tyt (s.37), sundt (s.38), minkar (s.38), fer (s.39).

UNDERVEGS:

Lesestopp.

Be elevane stoppe undervegs i lesinga, til dømes nedst på s. 34 (etter «Han styrer rett mot meg.») eller etter nokre minuttar.

La dei skrive spørsmål til teksten ut ifrå det de har lese. Her er nokre døme på spørsmål som kan brukast for å sette i gang elevane:

– Kva slags inntrykk får dokker av Jens?
– Kvifor trur dokker at Jens ikkje vil fortelje at han vert plaga?
– Korleis kan det bli verre om ein fortel at ein vert mobba/plaga?
– Kva synest dokker om at Jens lyg? Grunngi svaret.
– Kva slags inntrykk får dokker av mammaa og pappaen til Jens?
– Kvifor trur dokker Magnus går etter Jens då han finn ut at dekka hans er skorne opp?

Alternativt kan dei bruke nokre minuttar på å skrive kva dei trur vil skje vidare.
Deretter fortset dokker å lese resten av utdraget.

ETTER:

1. Litteraturintervju

Par som rullerer.

I forkant av litteraturintervjuet får elevane utlevert eit ark med nokre spørsmål. I tillegg til dei faste spørsmåla er det plass til at kvar elev kan skrive 2-3 supplerande spørsmål etter eige val. Det bør vere opne spørsmål (spørsmål utan eintydig fasit), og det kan med fordel vere spørsmål frå oppgåva over (undervegs-oppgåva). Eit forslag til spørsmålsark finn dokker HER (PDF).

Elevane skal først skrive dei to supplerande spørsmåla på arket og deretter ta med seg arket rundt i klasserommet for å finne eit intervjuobjekt. Når dei har funne ein partnar, skal elevane stille eit spørsmål frå lista, og partnaren skal svare. Intervjuaren lyttar til svaret, noterer stikkord på arket og stiller ev. oppfølgingsspørsmål ved behov. Når begge elevane har fått svar på eit spørsmål, finn dei ein ny partnar og stiller eit nytt spørsmål frå lista.

2. Velje spørsmål

Gruppearbeid.

På bakgrunn av oppgåvene over skal elevane nå gå i grupper for å diskutere seg fram til to spørsmål som dei meiner er dei viktigaste å stille til utdraget. I tillegg må gruppa kunne grunngje kvifor dei meiner akkurat det.

3. Diskusjon og avstemming i heil klasse

Klassesamtale.

Bruk spørsmåla frå gruppene til å snakke om utdraget.

La samtalen utvikle seg ved å formulere opne og autentiske spørsmål som bygger vidare på svara til elevane – da opplever dei at leseopplevinga deira blir høyrt og teke på alvor.

I tillegg til spørsmåla til elevane, kan ev. desse spørsmåla inngå i samtalen:

– Kva slags inntrykk får dokker av Magnus?
– Kvifor trur han at det er Jens som har skore sundt dekka?
– Kva trur dokker hadde skjedd om ikkje Helge hadde gripe inn?
– Kva synest dokker om måten Jens reagerer på?
– Korleis meiner de at han burde reagert?
– Kva hadde dokker gjort om dokker hadde vore Jens?
– Kva synest dokker om at Helge tek ansvaret?
– Kven trur dokker har skore opp dekka til Magnus? Fortel.
– Er dokker einige i at ein stundom kan halda sanninga for seg sjølv (slik det vert sagt på slutten av utdraget)?
– Kva trur dokker kjem til å skje vidare?

4. Vurdering

Klassesamtale.

Til slutt diskuterer dokker utdraget i klassen med tanke på å nå fram til ei felles vurdering.
– Likar elevane teksten? Kvifor/Kvifor ikkje?

Det er viktig at synspunkta vert grunngjevne.

Det kan òg vere lurt å snakke om korleis elevane opplevde å jobbe med kombinasjonen lesestopp og litteraturintervju.