Opplegg til Lepra

av Anders Totland

Dette undervisningsopplegget er laga av Nynorsksenteret

FØR:

Sjå på omslaget og tittelen og snakk om forventningar til utdraget:
– Korleis trur de det var å leve i frykt for lepra frå 1400- til 1900-talet?
– Kva adjektiv kan beskrive illustrasjonane i utdraget og på framsida av boka?
– Sjangeren er sakprosa. Kva veit de om denne sjangeren?
– Kva slags sakprosabøker har de lese?
– Kva slags forventningar har de til ei bok i denne sjangeren?

 

UNDERVEGS:

Set fargestrek i margen når du les …
– noko som overraskar deg (blå)
– noko som gjer inntrykk på deg (raud)
– noko du lurer på (grøn)

ETTER:

1. Vurdering
Snakk om utdraget i grupper på 2–4 elevar.
– Likar de utdraget?
– Kva lærte de som de ikkje visste frå før?
– Lag ei liste med adjektiv som skildrar opplevinga di av teksten. Kva var det som fekk deg til å føle det du gjorde?

2. Klassesamtale
Snakk om teksten med utgangspunkt i leseopplevingane til elevane. Still opne spørsmål og oppfølgingsspørsmål som bygger vidare på svara til elevane. Kanskje eitt av desse spørsmåla kan starte samtalen?
– Visste du noko om lepra før du las utdraget?
– Kvifor var det så mykje skam knytt til lepra?
– Kvifor trur de Anders Totland har skrive ei bok om dette temaet?

I kva grad levde utdraget opp til forventningane de hadde før lesinga? Korleis trur de resten av boka er?

3. Vurdering og avstemming

De kan diskutere utdraget i klassen og forsøke å kome fram til ei felles vurdering.

– Likar de utdraget frå Lepra? Kvifor/kvifor ikkje?
Det er viktig at de grunngir synspunkta dykka, at rammene for samtalen er hyggelege, og at elevane får høve til å framføre leseopplevingane og meiningane sine.

Ekstraoppgåver:
1. Sjå på framsida. Skriv 3–5 adjektiv som skildrar stemninga på biletet.
2. Kan du finne andre bøker av Anders Totland? Kven er han?
3. Søk opp koronavirus på snl.no. Forsøk å forklare kort kva koronaviruset er. Drøft kva som er likt og ulikt med situasjonen kring lepra frå 1400- til 1900-talet.