Opplegg til Mareritt

av Linn T. Sunne

 

FØR:

Klassesamtale

Les ingressen høgt for elevane og be dei sjå på framsida.

Samtalen kan konkretiserast med utgangspunkt i spørsmål som:

– Kva ser de på framsida av boka?
– Kva for tankar får de når de ser på biletet?
– Kva for stemning formidlar bilete, bokstavar og fargebruk – skummel, spennande, ekkel, dramatisk, romantisk?
– Kva er det som gjer at de får den kjensla?
– Kva synest de om tittelen Mareritt?
– Kva førestiller de dykk at ei bok med denne tittelen handlar om?

Sjangeren er grøss.
– Kva slags samanheng ser de mellom sjanger og tittel?
– Kva slags forventningar har de til ei grøssar?
– Og kva slags forventningar har de til utdraget frå Mareritt?

Viss du som lærar vurderer at utdraget kan bli ei utfordring for elevane dine, kan det vere ein god idé å lese og snakke om ingressen med elevane før de høyrer på lydfila.

De kan òg førebu lesinga gjennom å snakke om nokre av desse orda: kven (s. 32), vindauget (s. 32) veke (s. 32), plenflekk (s. 33), kvitmåla (s. 33), nærleiken (s. 34) og maki (s. 34).

 

UNDERVEGS:

Be elevane dele inn i avsnitt og markere:

– avsnitt som er spennande eller skumle
– setningar og formuleringar dei likar/ikkje likar


ETTER:

1. Snakk om utdraget i grupper

Gruppearbeid.

La elevane sitte i grupper på 4 og ha ein samtale med utgangspunkt i følgjande spørsmål:

– Kva for avsnitt synest de er mest spennande? Er de einige?
– Er de einige om kva for avsnitt som er minst spennande?
– Kva for setningar/formuleringar har de valt å framheve? Har de valt dei same eller ulike setningar/formuleringar?
– Kvifor har de valt nett desse uttrykka?

Boka er såkalla lettlesen.

– Er de einige i at ho er det?
– Korleis oppfattar de teksten?

2. Vurdering

Grupper på 4-5 elevar.

La deretter elevane ta stilling til utdraget:

– Likar de utdraget?
– Kva er dei 3 viktigaste grunnane til at de likar/ikkje likar teksten?

La elevane snakke saman i gruppa om kva dei synest er bra og/eller dårleg med teksten, og kva dei eventuelt synest kunne vore betre.
Be elevane lage to lister: ei liste over dei tinga som er med på å gjere teksten god (argument for), og ei liste over ting som dei meiner dreg ned kvaliteten på utdraget (argument mot).

Oppmod elevane til å skrive så mange fordelar og ulemper som dei greier.

3. Debatt i grupper à 4-5 elevar

Gruppesamtale.

Del gruppene frå oppgåve 2 i to. Den eine halvparten tar lista med argument for og den andre med argument mot. Elevane med argument for vert sette saman med ei anna gruppe med argument mot. Fyrstnemnde skal argumentere for at teksten er god, sistnemnde skal argumentere mot. Køyr debatt!

4. Diskusjon i heil klasse

Klassesamtale.

Snakk om teksten med utgangspunkt i leseopplevingane til elevane. Still opne og autentiske spørsmål og oppfølgingsspørsmål som bygger vidare på svara til elevane.

I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande spørsmål inngå i samtalen:

– Kva slags inntrykk får de av Mattias?
– Har de prøvd å vakne opp midt på natta etter eit mareritt? Korleis var det?
– Kvifor trur de Mattias er så redd for jenta?
– Kvifor trur de han får ei kjensle av at ho ikkje vil han noko godt?
– Trur de han drøymer eller er vaken?
– Korleis vil de beskrive jenta?
– Synest de ho verkar skummel? Fortel!
– Korleis ville de reagert viss de hadde sett jenta midt på natta?
– Synest de dokkehuset er skummelt? Kvifor?
– Korleis er det å flytte til ein ny plass?
– Trur de Mattias er nøgd med flyttinga?
– I kva grad trur de flyttinga har noko å seie for opplevingane til Mattias?
– Kvifor trur de Mattias teier i klassen?
– Kva slags inntrykk får de av Julian?
– Kvifor trur de Julian plutseleg får det travelt?
– Korleis trur de det er for Mattias å sjå jenta att?
– Kvifor ser dei to småjentene på Mathias som om han er sprø?
– Trur de at han er det?
– Kva ville de gjort viss de var Mattias?
– Trur de han kjem til å seie ifrå om det han har sett?
– Kva ville de gjort?
– Kva trur de kjem til å skje i resten av boka?

Avslutt gjerne diskusjonen med ein meta-samtale: Vend tilbake til sjangerperspektivet frå førlese-samtalen og snakk om kva slags grøss de trur Mareritt er. Diskuter også i kva grad utdraget levde opp til dei forventningane de hadde før lesinga. Trur de at fleire av desse forventningane blir møtte seinare i boka?


5. Vurdering og avstemming

Heilt til slutt kan de diskutere utdraget i klassa med tanke på å kome fram til ei felles vurdering:

Likar de utdraget frå Mareritt?

Kvifor/kvifor ikkje?

Det er viktig at synspunkta vert grunngjevne, at rammene er hyggelege og at elevane får høve til å framføre leseopplevingane sine og akkurat dei meiningane og grunngjevingane som betyr noko for dei. Legg gjerne att klassens meining i boksen «Våre meiningar om utdraget» under utdraget.


Ekstraoppgåver:

Lag ein boktrailer.
La elevane lage ein boktrailer der dei presenterer utdraget frå Mareritt eller heile boka. Denne rettleiinga forklarer på ein enkel og oversiktleg måte korleis ein kan gå fram for å lage ein boktrailer og tek samstundes opp viktige spørsmål om digital opphavsrett m.m.