Opplegg til Pepar & Gulrot – Pysjamasfesten

av David Revoy

 

Dette undervisningsopplegget er laga av Nynorsksenteret

FØR:

Tittelen på historia er «Pysjamasfesten».
– Kva trur de ei historie med den tittelen kan handla om?
– Kva stemning trur de at det er i historia?

Sjangerikonet viser at denne teikneserien er i fantasy-sjangeren.
– Kva veit de om den sjangeren?


UNDERVEGS:

Les dei to fyrste sidene av teikneserien.
– Korleis er stemninga på dei sidene?
– Er sidene slik de tenkte at ei historie med tittelen «Pysjamasfesten» ville vera?

ETTER:

1. Samtale i heil klasse

Snakk saman i klasserommet:
– Tolkar de dei to fyrste sidene annleis etter at de no har lese heile teksten?
– Kva trur de var mest styrande for korleis de tolka dei fyrste sidene undervegs i lesinga?
– Var det skrifta, eller var det bileta? Kvifor?

Replikkane i serien er det som jentene på overnattingsfesten snakkar om, medan bileta syner det som hender i brettspelet deira.
– Korleis påverka bileta tolkinga dykkar av replikkane?
– Og korleis påverka replikkane tolkinga av bileta?

2. Vurdering

Snakk om teikneserien i grupper på 4–5 elevar.

– Liker de denne teikneserien?
– Kvifor/kvifor ikkje?

Deretter kan de diskutera teikneserien i heile klassen og koma fram til ei felles vurdering. Det er viktig at synspunkta er grunngjevne, at rammene er hyggelege og at elevane får høve til å framføra leseopplevingane og meiningane sine.

 

Oppgåve:

La elevane gje ny tekst til boblene på dei to fyrste sidene av serien, og sjå korleis det kan endra korleis dei tolkar bileta. Elevane kan til dømes velja å forsterka fantasy-preget, ta serien i humoristisk retning, gjera serien meir metaforisk (som at han eigenleg handlar om uynskte fylgjarar i sosiale medium), gjera serien skumlare eller noko heilt anna. Bruk gjerne dei elevproduserte sidene som utgangspunkt for å snakka meir i klasserommet om korleis elevane opplever at skrift og bilete påverkar kvarandre.

Her kan du lasta ned dei to fyrste sidene utan tekst i snakkeboblene. Du kan velja om elevane skal arbeida på papir eller digitalt:

Pepar & Gulrot, side 1 og 2 (pdf)
Pepar & Gulrot, side 1 (jpg)
Pepar & Gulrot, side 2 (jpg)