Opplegg til Polarnatt

av Sunniva Relling Berg


FØR:

Klassesamtale.

Sjå på bokomslag, tittel og sjangerlogo, og snakk om forventningar til utdraget.

Samtalen kan konkretiserast med utgangspunkt i spørsmål som:
– Kva ser dokker på framsida av boka?
– Kva for tankar får dokker når dokker ser på biletet?
– Kva trur dokker boka handlar om?
– Kven er personane på omslaget?
– Kor trur dokker dei er og kor er dei på veg?
– Kva for stemning formidlar bilete, bokstavar og fargebruk – skummel, spennande, ekkel, dramatisk, romantisk?
– Kva er det som gjer at dokker får den kjensla?

Boka heiter Polarnatt.
– Kva tenker dokker når dokker høyrer denne tittelen?
– Kan han bety noko meir?

Sjangeren er realisme.
– Kva slags bøker eller filmar kjenner dokker innanfor denne sjangeren?
– Kva kjenneteiknar slike forteljingar?
– Korleis skil desse seg ifrå andre forteljingar, innanfor sjangeren drama til dømes?
– Kva slags forventningar har dokker til den verda handlinga går føre seg i?

Dersom du som lærar vurderer at utdraget kan bli ei utfordring for elevane dine, kan det dessutan vere ein fordel å lage ei liste med ord og omgrep som du trur kan vere vanskelege for (nokre av) elevane dine, og dele ut lista til elevane. Orda kan stå aleine eller som del av dei setningane dei opptrer i. La elevane markere kva for ord dei er sikre på tydinga av, kva for ord dei trur dei kan og kva for ord dei eventuelt ikkje kan. La dei deretter gå rundt i klassen og samanlikne med dei andre. Klarar dei i fellesskap å finne ut tydinga til alle orda? Framlegg til kva ord det kan dreie seg om, er (her vil det vere stor skilnad på bokmålsbrukarar og nynorskbrukarar): strauk (s. 63), vindauga (s. 63), byrjar (s. 64), sym (s. 64), aukar (s. 64) og framleis (s. 69).

Det er òg mogleg å be elevane finne til dømes 5 ord som dei ikkje forstår når dei les utdraget.

UNDERVEGS:

Lesestopp

Be elevane stoppe undervegs i lesinga, til dømes på s. 64 – midt på sida (etter «… å døy på»), nedst (etter «aukar i styrke») eller etter nokre minuttar.

La dei skrive spørsmål til teksten ut ifrå det dokker har lese. Her er nokre døme på spørsmål som kan brukast for å sette i gang elevane:

– Kvifor sneik Ilias og Amira seg ut frå asylmottaket?
– Kvifor har dei det så travelt?
– Kor skal dei hen?
– Kor gamal er Amira?
– Kor er foreldra?
– Kva er det Ilias har gjort?
– Kjem dei til å bli oppdaga?

Alternativt kan dokker bruke nokre minuttar på å skrive kva dokker trur vil skje vidare.
Deretter fortset dokker å lese resten av utdraget.

 

ETTER:

1. Litteraturintervju

Par som rullerer.

I forkant av litteraturintervjuet får elevane utlevert eit ark med nokre spørsmål. I tillegg til dei spørsmåla som står på arket, er det plass til at kvar elev kan skrive tre supplerande spørsmål etter eige val.

Førebu gjerne aktiviteten gjennom å snakke kort med elevane om korleis ulike typar av spørsmål legg opp til ulike typar svar. Eit enkelt skilje mellom spørsmål med og utan eintydig fasit kan vere nok, saman med ei oppfordring til å stille flest av dei siste. Alternativt går det an å bruke eit skilje mellom spørsmål som gjev korte eller lange svar eller mellom einfingerspørsmålflerfingerspørsmål og ut-av-teksten-spørsmål slik Kverndokken føreslår i 101 måter å lese leseleksa på (Kverndokken 2012).

Eit forslag til spørsmålsark finn dokker HER.

Elevane skal først skrive dei tre supplerande spørsmåla på arket og deretter ta med seg arket rundt i klasserommet for å finne eit intervjuobjekt. Når dei har funne ein partnar, skal elevane stille eit spørsmål frå lista, og partnaren skal svare. Intervjuaren lyttar til svaret, noterer stikkord på arket og stiller eventuelle oppfølgingsspørsmål ved behov. Når begge elevane har fått svar på eit spørsmål, finn dei ein ny partnar og stiller eit nytt spørsmål frå lista.

 

2. Velje spørsmål

Gruppearbeid.
På bakgrunn av oppgåvene over skal elevane no gå i grupper for å diskutere seg fram til to spørsmål som dei meiner er dei viktigaste å stille til utdraget. I tillegg må gruppa kunne grunngje kvifor dei meiner akkurat det.

 

3. Diskusjon og avstemming i heil klasse

Klassesamtale.

Bruk spørsmåla frå gruppene til å snakke om utdraget.

La samtalen utvikle seg ved å formulere opne og autentiske spørsmål som bygger vidare på svara til elevane – da opplever dei at leseopplevinga deira blir høyrd og teken på alvor.

I tillegg til spørsmåla til elevane kan eventuelt desse spørsmåla inngå i samtalen:
– Veit dokker no meir om Ilias og Amira enn dokker gjorde undervegs?
– Kvifor er dei på flukt?
– Kva trur dokker Ilias har gjort, sidan dei må flykte?
– Kven er Henriksen?
– Kva trur dokker skjer vidare?
– Kva synest du om omslaget og illustrasjonane? Er dei tilpassa handlinga i boka?

De kan òg ta opp att diskusjonen om realisme-sjangeren.
– I kva grad tenker dokker at utdraget er realistisk, og i kva grad finn dokker element av drama eller symbolikk i teksten?

Prøv òg å komme fram til ei felles vurdering:
– Liker klassen teksten? Kvifor/kvifor ikkje?

Til slutt kan de snakke om korleis de opplevde å jobbe med kombinasjonen lesestopp og litteraturintervju.