Opplegg til Sinne

av Ann Helen Kolås Ingebrigtsen

FØR:

Sjå på bokomslag, tittel, ingress og sjangerlogo og snakk om forventningar til utdraget.

Samtalen kan konkretiserast med utgangspunkt i spørsmål som:

– Kva legg dokker merke til på framsida av boka?
– Kva for tankar får dokker når dokker ser på biletet?
– Kva tenker dokker når dokker høyrer tittelen Sinne?
– Kva trur dokker at ei bok med denne tittelen handlar om?
– Kva slags samanheng ser dokker mellom framside og tittel?

– Kva legg dokker merke til når dokker les ingressen?
– Kva slags inntrykk får dokker av Synne?
– Veit dokker kva ADHD er?
– Kva tenker dokker om den siste setninga i ingressen?

– Kva tenker dokker om ein tekst med identitet som stikkord?
– Ser dokker element i ingressen, tittelen eller på framsida som peikar på identitet?
– Kjenner dokker til andre bøker, filmar, TV-seriar osb. som tek for seg identitet?
– Kva slags forventingar har dokker til boka?


UNDERVEGS:

Set strek i margen når du les …

– noko som overraskar deg
– noko som gjer inntrykk på deg
– noko du lurar på


ETTER:

1. Snakk kort om teksten i heil klasse

Klassesamtale.

Gje elevane moglegheita til å ta opp ting dei lurte på mens dokker las, slik at alle har ei førebels forståing av innhaldet i teksten


2. «Stille lesesirkel»

Gruppearbeid.

Elevane går i grupper på 3–4 elevar som skal samarbeide om å lage ein «stille» lesesirkel, dvs. ein lesesirkel der dei ikkje får lov til å snakke, men berre skrive til kvarandre.

Kvar elev treng eit ark, noterer namnet sitt øvst i venstre marg og kan òg skrive «Hei» øvst på sida, ev. følgt av namn på gruppemedlemmane for å understreke det autentiske elementet. Elevane får no 1–2 minutt til å skrive om leseopplevinga si. Dei kan skrive tankar, kjensler, spørsmål eller andre reaksjonar på teksten dei har lese – heilt utan å snakke. Dei bør skrive med leseleg skrift og bruke så mykje av tida som mogleg til å skrive.

Når tida er ute, skal alle elevane sende teksten sin mot venstre, til den eleven som sit der. Elevane les arket dei har fått, skriv namnet sitt i venstre marg og får deretter 1–2 minutt til å reagere på teksten til naboen: Dei kan skrive ein kommentar til teksten, fortsette tankerekkja, skrive om dei er einige eller ueinige, stille spørsmål eller ev. sette i gang ei ny tankerekkje.

Etter tre rundar kjem arket att til eleven som starta å skrive på det. Vedkommande les tekstane og set strek under ei setning på arket – den setninga som eleven synest er mest interessant og som han/ho har lyst til å diskutere vidare i gruppa.

Deretter får elevane endeleg lov til å snakke. Be dei om å begynne med ei av dei utvalde setningane og la dei elles få snakke fritt om utdraget i nokre minutt.


3. Samtale i heil klasse

Klassesamtale.

Kvar gruppe kan no få seie litt om kva dei diskuterte i gruppa og i kva grad dei likte å jobbe med «stille» lesesirkel. Syt for at så mange som mogleg kjem til orde i samtalen.

Følg gjerne opp samtalepunkta ved å formulere opne og autentiske spørsmål som byggjer vidare på svara til elevane – då opplever elevane at leseopplevinga deira blir høyrd og teken på alvor.

Viss ønskeleg kan òg eitt eller fleire av følgjande meir spesifikke spørsmål inngå i diskusjonen av utdraget:

– Kva slags inntrykk får dokker av Synne?
– Kva slags inntrykk får dokker av Torunn?
– Korleis vil dokker beskrive relasjonen mellom dei to venninnene?
– Kvifor trur dokker det er så vanskeleg for Synne å fortelje om Johan?
– Korleis vil dokker beskrive endringane i humøret hennar frå s.72-75?
– Kva synest dokker om at Synne svarer med eit hjarte?
– Korleis hadde dokker sagt ifrå?
– Har det noko å seie at samtalen finn stad på Face? Hadde det vore enklare om Synne og Torunn hadde vore i same rom?
– Korleis forstår dokker memet frå Johan?
– Synest dokker det er morosamt? Kvifor/kvifor ikkje?
– Kva slags inntrykk får dokker av læraren, Lisbeth?
– Kva synest dokker om måten Synne beskriver ho på?
– Trur dokker Synne liker ho? Kvifor/kvifor ikkje?
– Kva synest dokker om språkbruken hennar?
– Kven trur dokker Synne høyrer på?
– Må det nødvendigvis bli meir avstand mellom to venner når ein av dei blir forelska? Og når begge blir forelska i den same?

Det står i teksten at Torunn har glorie.
– Er dokker einige i den måten å framstille ho på?
– Synest dokker at Synne er ein svikar? Kvifor/kvifor ikkje?
– Kva synest dokker om løysinga på problema mellom Synne og Torunn?
– Kva trur dokker skjer vidare?
– Korleis trur dokker det går mellom Synne og Johan?