Opplegg til Snillionen

av Arnfinn Kolerud

FØR:

Klassesamtale.

Sjå på bokomslag, tittel og sjangerlogo og snakk om forventningar til utdraget.

Samtala kan konkretiserast med utgangspunkt i spørsmål som:

– Kva ser de på framsida?
– Kva tenkjer de når de les tittelen?
– Kva for eit inntrykk får de av Frank når de ser på framsida og les ingressen?
– Kva slags forventningar har de til ei bok i humor-sjangeren?
– I kva grad får de inntrykk av at Snillionen er ei humoristisk bok?

Snakk gjerne om kva elevane hadde gjort om dei – eller familien deira – hadde vunne 24 millionar.
– Kva slags utfordringar trur de kunne følgt med ein slik vinst?

Utdraget frå Snillionen har eit ganske enkelt språk. For elevar med bokmål som hovudmål kan det likevel vere lurt å ta opp nokre ord før lesinga. Det går til dømes an å lage ei liste med ord som du trur kan bli vanskelege for (nokre av) elevane dine. Alternativt er det òg mogleg å be elevane finne til dømes 5 ord som dei ikkje forstår når dei les utdraget.

UNDERVEGS:

Be elevane notere stikkord til teksten på sida «Mine tankar og notat» etter utdraget.

Det kan til dømes vere stikkord til:
– Deira oppleving av Frank
– Noko dei synest er rart, overraskande, pinleg eller morosamt?

ETTER:

1. Snakk om teksten i heil klasse

Klassesamtale.

Be elevane først ta opp ting dei lurte på medan dei las, slik at alle har ei førebels forståing av innhaldet i teksten.

2. Leseopplevinga mi

Individuelt arbeid.

La elevane uttrykkje korleis dei opplevde teksten ved hjelp av dei faste uttrykka under. Be dei velje ut nokre av uttrykka og å fortsette på setningane. Det kan også vere ein idé å oppmode dei til å lage både positive og negative setningar for slik å gi ei nyansert framstilling av leseopplevinga si. Det er dessutan viktig at elevane prøver å gi ei forklaring ved å bruke ordet fordi.

Til dømes: Eg likte godt då … det stod at Oskar prøvde å vente til sinnet til Denisa skulle gå over, «omtrent som å vente på ei flaske som har brusa over», fordi dette var ei artig måte å seie det på som eg kjenner meg att i.

a. Då eg las, la eg merke til …
b. Eg synest at …
c. Eg likte godt då …
d. Eg blei irritert over …
e. Det gjorde inntrykk på meg at …
f. Eg blei skuffa over …
g. Eg blei overraska over …

Fordi …

3. Del leseopplevinga

Samtale i grupper på 2–4 elevar.

Be elevane fortelje kvarandre om leseopplevinga si ved å bruke setningane frå oppgåva over.

4. Diskusjon

Klassesamtale.

Ta utgangspunkt i den personlege leseopplevinga til elevane for å få til litterære samtaler som utviklar lesegleda og engasjementet for litteratur.

La elevane få seie kva dei tenkjer om teksten, gjerne ved å bruke setningane frå oppgåva over. La samtala utvikle seg ved å formulere opne og autentiske spørsmål som byggjer vidare på svara til elevane – då vil dei sjå at leseopplevingane deira blir høyrde og tekne på alvor.

Når elevane har fått høve til å formulere og diskutere leseopplevingane sine, oppmodar vi deg til å bruke teksten til å stille spørsmål som du veit vil engasjere elevane.

I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande spørsmål inngå i diskusjonen av utdraget:

– Kva hadde de gjort om de hadde vunne 24 millionar?
– Kvifor trur de at mora til Frank ønskjer å dele ut ein million?
– Kva trur de at Frank tenkjer om dette? Grunngi svaret.
– Kva meiner de at det vil seie å vere snill?
– Er de einige i at det er forskjell på kva barn synest om dette, avhengig av alderen deira?
– Når er de sjølv snille?
– Kva er det snillaste de har gjort?
– Trur de at de kunne vore snille nok? Kvifor/kvifor ikkje?
– Kva hadde de gjort for å vinne ein snillion?
– Kvifor trur de at dama på kafeen set opp prisane?
– Har de forslag til andre ting som de trur vil endre seg i bygda?

5. Diskusjon og avstemming i heil klasse

Klassesamtale.

Til slutt kan de diskutere utdraget i klassa og komme fram til ei felles vurdering:

– Likar klassa teksten? Kvifor/kvifor ikkje?
Det er viktig at synspunkta blir grunngitte. Det er dessutan viktig at ramma er hyggeleg, og at elevane får framføre opplevinga si og akkurat dei meiningane og forklaringane som betyr noko for dei. Dersom det er mogleg, kan det vere ein god idé å kombinere avstemminga med ei avslutning på veka, til dømes med frukt, kake, quiz eller liknande.

6. Registrering av resultatet

Vi ønskjer å høyre kva elevane synest om utdraga og håpar derfor at læraren vil føre inn vurderinga under utdraget: Klikk på «Våre meiningar om utdraget», skriv ei kort forklaring og trykk på «Send inn». Tilbakemeldingane til klassa vert dermed høyrde utanfor klasserommet, og vurderinga til elevane vil påverke samansetjinga av neste års antologi.