Opplegg til Som ein bror

av Alfred Fidjestøl

 

FØR:

Klassesamtale.

Sjå på bokomslaget og tittel.
– Kva ser dokker på framsida av boka?
– Kva for tankar får dokker når dokker ser på biletet?
– Kva slags inntrykk får dokker av sjimpansen på biletet?
– Korleis trur dokker han har det?

– Har dokker høyrt om sjimpansen Julius?
– Kva veit dokker om han?

Som ein bror er ein biografi om sjimpansen Julius.
– Veit dokker kva ein biografi er for noko? Og kva slags biografiar veit dokker om?
Ta ein rask gjennomgang i klassa og skriv ned det dokker kjem fram til.
– Er det reglar for kven og kva ein kan skrive biografi om?
– Kvifor trur dokker at Julius har fått ein eigen biografi?

– Kvifor trur dokker at mora til Julius ikkje ville ha han?
– Synest dokker synd på Julius?
– Kvifor trur dokker at Julius vil rømme ifrå sjimpanseanlegget i Dyreparken?
– Kvifor trur dokker det er farleg for Julius og menneska at han rømmer?

Viss du som lærar vurderer at utdraget kan bli ei utfordring for elevane dine, kan det vere ein god idé å dramatisere delar av teksten for elevane. For elevar som har nynorsk som sidemål kan dokker dessutan førebu lesinga gjennom å snakke om eitt eller fleire av følgjande ord: vassgrava (s. 26), sprinklane (s. 26), annleis (s. 26), nærast (s. 26), gøyme (s. 27), gløymde (s. 27), byrja (s. 27), straum (s. 27), stades (s. 27), framleis (s. 28), symje (s.28), walkietalkie (s.29), det opne kontorlandskapet (s. 30), søppelkøyrarane (s. 31), trugsmål (s. 31), vindauget (s. 34) og leiinga (s. 35).

 

UNDERVEGS:

Be elevane notera stikkord til teksten.
Det kan til dømes vere stikkord til:
– noko som er vanskeleg å forstå
– noko som er godt skrive
– korleis forteljaren får fram kva Julius tenker

 

ETTER:

Samtale om teksten i heil klasse
Klassesamtale.

Snakk først om ting dokker lurte på medan dokker las, slik at alle har ei førebels forståing av innhaldet i teksten.

Deretter kan dokker gjennomføre ein litterær samtale.
For å få til litterære samtalar som utviklar lesegleda til elevane, er det ofte ein fordel å ta utgangspunkt i den personlege leseopplevinga deira.
Begynn derfor gjerne med spørsmål som «Kva handla dette om?» eller «kva skjedde her?», og la samtalen utvikle seg gjennom å formulere opne og autentiske spørsmål som byggjer vidare på svara til elevane. Då opplever elevane at leseopplevinga deira blir høyrd og teken på alvor.

I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande meir spesifikke spørsmål inngå i diskusjonen av utdraget:

– Kva tenkjer dokker om at Julius måtte bu hos vanlege menneske?
– Synest dokker det er strengt at Julius ikkje lenger får vere saman med dei to menneskefamiliane?
– Kva synest dokker om Champis?
– Kvifor trur dokker Julius rømmer?
– Korleis får forteljaren fram kva Julius tenker?
– Korleis klarar Julius å komme seg ut av anlegget?
– Kva skjer når han rømmer? Korleis reagerer folk i dyreparken?
– Kvifor trur dokker at det berre er Julius som klarer å rømme?
– Kvifor trur dokker vi får høyre om tre rømmingsforsøk?
– Er dokker einige i at Dyreparken måtte gjere noko?
– Kva trur dokker dei kjem til å gjere?
– Kva trur dokker Julius vil?
– Kva ville dokker gjort?

– Synest dokker at dokker veit meir om Julius no, etter å ha lese utdraget?
– Kva synest dokker om å lese ein biografi om ein sjimpanse?
– Kva hadde dokker skrive om dersom dokker skulle skrive ein biografi?

 

Skrivekonkurranse:

Skriv ein biografi.
Du vel sjølv om du vil skrive om ein person, eit band, ein by eller eit dyr. Eller om noko heilt anna.
Du vel sjølv om du vil skrive sakleg, humoristisk eller alvorleg.
Send inn teksten din og få moglegheit til å få han på trykk og til å vinne fine premiar.
Les meir om skrivekonkurransen i Tid for ti-antologien på s. 128 eller på tidforti.no.