Opplegg til Svikta

av Bente Bratlund

FØR:

1. Påstandsark
Individuelt arbeid

Del ut ark med påstandar til diskusjon (sjå ev. ark til utdeling her)
Elevane skal no lese setningane, krysse av om dei er einige eller ueinige og førebu seg på å forklare kvifor.

Påstandar:

– Føresette bør alltid komme på alle framsyningane til barna sine.
– Det er greitt å ta igjen når ein har blitt svikta.
– Mammaer og pappaer bør skilje seg viss dei har vakse frå kvarandre
– Det går an å vere for blid
– Det er ubehageleg når foreldre held hender og flirer til kvarandre
– Det finst saker ein ikkje bør seie til foreldra sine
– Det er skummelt å byrje i ein ny klasse

Etter det individuelle arbeidet kan elevane eventuelt få diskutere meininga i små grupper på fire elevar for å førebu klassesamtalen i punktet under.

2. Påstandar i heil klasse
Klassesamtale

Som førebuing til lesinga kan de diskutere påstandane i heil klasse, der elevane grunngir synspunkta sine.

Eit alternativ til å bruke påstandsark under før-lesinga, er å jamføre omslaget til Svikta med omslaget til Kampen mot superbitchene, ei bok som var med på Bokslukarprisen 2015–2016.

– Kva slags likskapar og skilnader legg de merke til mellom dei to framsidene?

Utdraget frå Svikta er ganske lettlese, men spesielt for elevar med bokmål som hovudmål kan det vere lurt å ta opp nokre ord før lesinga.
Lag ei liste med ord som du trur kan bli vanskelege for (nokre av) elevane dine, og del ut lista til elevane. Orda kan stå aleine eller som del av dei setningane dei opptrer i. La elevane plassere orda i tre grupper: ord dei er sikre på tydinga av, ord dei trur dei kan og ord dei eventuelt ikkje kan. La dei deretter gå rundt i klassa og samanlikne med dei andre. Klarar dei i fellesskap å finne ut tydinga til alle orda? Framlegg til kva ord det kan dreie seg om, er (her vil det vere stor skilnad på bokmålsbrukarar og nynorskbrukarar):
framsyninga, øyro, berre, stova, augo, difor, kviskrar, kvifor, veks, einannan, annakvar, byrjinga, annleis, framand.

Det er òg mogleg å be elevane finne til dømes fem ord som dei ikkje forstår når dei les utdraget.

 

UNDERVEGS:

– Finn og marker dei stadane i utdraget der påstandane dukkar opp.
Legg òg merke til om det blir gitt ei grunngiving i teksten.

– Noter spørsmål til teksten dersom det er noko de lurer på.

ETTER:

1. Samtale om påstandar etter lesing
Klassesamtale.

Gå igjennom påstandane på nytt og spør elevane om det er nokon som har endra meining.
Be elevane dele tankane sine.

– Kvifor har dei endra meining – eller kvifor ikkje?

2. Samtale om utdraget
Klassesamtale.

Snakk deretter om utdraget og la elevane dele tankane sine.

Vi tilrår at litterære samtalar tek utgangspunkt i den personlege leseopplevinga til elevane. Opne og autentiske spørsmål – spørsmål der svaret ikkje er gitt på førehand – gjer det lettare for dei å relatere litteraturen til eigen kvardag og eige liv og dermed også å engasjere seg i litteraturen.

Begynn gjerne med spørsmål som:
– Kva handla dette om? eller
– Kva skjedde her?

Dersom elevsvara blir følgde opp på ein oppmerksam og konstruktiv måte, opplever elevane at lesaropplevingane deira blir høyrde og tekne på alvor. Det kan til dømes skje ved å la samtalen bygge vidare på elevane sine svar når eit nytt spørsmål blir formulert (såkalla opptak og høg verdsetting).

Når elevane har fått høve til å formulere og diskutere leseopplevingane sine, oppmodar vi deg til å bruke teksten til å stille spørsmål som du veit vil engasjere.

I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande spørsmål inngå i diskusjonen av utdraget:

– Kva slags inntrykk får de av Iris?
– Kva trur de Iris føler når ho tenker på at pappaen hennar ikkje kjem til å komme på framsyninga?
– Kva synest de om måten ho gir uttrykk for følelsane sine på?
– Korleis hadde de reagert viss de hadde kjent dykk svikta, slik som Iris?
– Kva slags inntrykk får de av mammaa og pappaen til Iris?
– Kva synest de om Lise?
– Kva trur de ho tenker om Iris?
– Kva trur de skjer vidare?

3. Vurdering i heil klasse
Klassesamtale.

Til slutt diskuterer de utdraget i klassen med tanke på å nå fram til ei vurdering.

– Likar elevane teksten? Kvifor/Kvifor ikkje?

Det er viktig at synspunkta vert grunngitte.

Når vurderinga er ferdig, set vi stor pris på om de vil skrive inn meiningane dykkar i boksen «Våre meiningar om utdraget» på tidforti.no.