Opplegg til Ti utrulege oppfinningar

av Bår Stenvik

Dette undervisningsopplegget er laga av Nynorsksenteret

FØR:

Snakk saman om kva ein oppfinnar og ei oppfinning er.

Sjå på bokomslaget og snakk saman om korleis det ser ut (fargar, former, bokstavar).

Kvifor er det ei lyspære der?

UNDERVEGS:

Bruk aktiv blyant og set strek under dei orda du ikkje heilt forstår.

Samtal med læringspartnaren din om kva orda kan bety.

ETTER:

Samtal om spørsmåla under.
Bruk gjerne IGP (individ, gruppe, plenum).
Lat elevane tenke seg om individuelt først og deretter skrive nokre stikkord. Så presenterer dei stikkorda sine i ei lita gruppe, og til sist blir det samtale i klasserommet.

Gruppene kan også ta for seg kvar sine spørsmål.

– Kva oppfinning meiner du er viktigast for deg i kvardagen?

– Er det noko du tenker at ikkje burde vore oppfunne?

– Kva ville du ønske at du kunne vere med på å finne opp?

– Veit du om noko som er funne opp dei fem siste åra?

 

Skriveoppgåver:

1. Skriv ein tekst der du skildrar korleis kvardagen din ville vore om ikkje lyspæra var oppfunnen.
Du kan starte teksten med denne setninga om du vil:  Når eg vaknar om morgonen og står opp av senga, er det første eg gjer …

2. Skriv ein fagtekst der du tar for deg ei oppfinning som du meiner er viktig for oss.
Få fram korleis oppfinninga er blitt til, og kva som er fordelar og ulemper med oppfinninga.

3. Skriv eit lyspære-dikt, eit Petter Smart-dikt eller eit Reodor Felgen-dikt.