Opplegg til Tusenfryd

av Lars Mæhle

Dette opplegget er laga av Nynorsksenteret


FØR LESING:
 

Munnleg: Snakk saman to og to eller i samla klasse.

1. Sjå på framsida av boka. Kva tankar får de når de ser på biletet? 

2. Kva tenker de på når de ser tittelen Tusenfryd? 

3. Kva kjenneteiknar ein tekst som blir kalla novelle?


Skriftleg:
 

1. Kva tenker de på når de høyrer ordet mobbing? Skriv ned nokre stikkord 

2. Kva ligg i det å plage nokon? Skriv ned nokre stikkord her også. 


Munnleg:
 

1. Mobbing og erting er ikkje det same. Kva er skilnaden? Lag eit Venn-diagram i grupper eller saman på tavla. 

2. Dette utdraget heiter «Pranken». Kva betyr det «å pranke»?  


UNDER LESING:
 

Stopp på side 27 etter «Og no har eg faktisk ein avtale, sa han, – med Gunnar på treningssenteret.» 

1. Bruk dialogen i utdraget til å danne deg eit bilete av kva slags type person Adrian er. Skriv ei kort skildring av kva inntrykk du får av Adrian. Diskuter med læringsvenen din.

2. Kvifor trur du det er så viktig for Adrian å «pranke» Tobias? 


ETTER LESING:
 

Skriftleg eller munnleg: 

1. Når du no har lese heile utdraget, er det noko du vil leggje til i svara dine i spørsmåla over?

2. Kva for ord er det Adrian seier til Fred, som gjer at Fred plutseleg seier at han kan kaste pila?

3. Kva får vi vite om Gunnar, kven er han og kva for rolle har han i livet til Adrian?

4. Tenk deg at du er Fred eller Kaleb. Korleis ville du ha handla i denne situasjonen?

5. Kva tenkte du då du skjønte at det var Gunnar og ikkje Tobias som kom forbi?

6. Kva synest du om at Gunnar, Fred og Kaleb gjev ein slik lærepenge til Adrian?

7. Kva synest du om Adrian no? Kan det vere grunnar til å synast synd på dei som mobbar?

8. Kva trur du skjer med han no? 


Oppgåver: 

Det finst ulike måtar å mobbe på.  

Individuelt: Skriv ned ulike måtar mobbing kan gå føre seg. (På nettet og via mobilen, utfrysing, ghosting, med blikk, fysisk, psykisk, verbalt … fleire?) 

Lever inn arket. 

Felles: Lærar les opp og lagar ei felles oversikt i klassen etterpå.  

– Adrian, Fred og Kaleb er ueinige i om planen Adrian har lagt, kan kallast for ein prank. Kva meiner du? Grunngje svaret ditt.  

– Tenk deg at Fred og Kaleb ringer til Gunnar for å fortelje om planen til Adrian. Skriv ned telefonsamtalen mellom dei. Hugs replikkstrek og tydeleg informasjon om kven som seier kva. Etterpå kan de dramatisere telefonsamtalen.  

– Les teksten frå Språkrådet og finn norske ord for «ein prank». Diskuter om desse orda tyder det same?  

*Ekstra: Her er ein tekst som kan passe å lese etter å ha lese novella «Pranken». 

Snakk gjerne om dei fem kulepunkta som står nedst i teksten. (Om ulike stadar ein kan få hjelp dersom ein opplever vald heime).