Opplegg til Villheks – Eldprøva

av Lene Kaaberbøl

FØR:

Sjå på bokomslag, tittel og sjangerlogo og snakk om forventningar til utdraget.

Samtalen kan konkretiserast med utgangspunkt i spørsmål som:
– Er det nokon som har lese Eldprøva eller andre bøker i Villheks-serien?
– Kva kan de seie om boka/serien (utan å avsløre for mykje)?
– Har de lese andre bøker av Lene Kaaberbøl? Ho har mellom anna skrive Skammar-serien. (Første bok i Skammar-serien, Skammarens dotter, blei filmatisert i 2015. Hausten 2018 kjem ei filmatisering av Villheks).

Sjå på framsida til boka.
– Kva slags stemning formidlar bildet – romantisk, spennande, skummel, ekkel, morosam, dramatisk?
– Kva legg de merke til når de ser på bildet? Kva slags tankar får de? Grunngi svaret.

Sjangeren er fantasy.
– Synest de at det går fram av framsida? Fortel!
– Veit de om andre bøker i denne sjangeren?
– Kva slags forventningar har de til fantasy-bøker?
– Kva tenkjer de om tittelen?
– Kva trur de ei villheks er, og kva er ei eldprøve?
– Kva trur de teksten handlar om?
Utdraget frå Villheks – Eldprøva er ganske lettlese, men spesielt for elevar med bokmål som hovudmål kan det vere lurt å ta opp nokre ord før lesinga.
Lag ei liste med ord som du trur kan bli vanskelege for (nokre av) elevane dine, og del ut lista til elevane. Orda kan stå aleine eller som del av dei setningane dei opptrer i. La elevane plassere orda i tre grupper: ord dei er sikre på tydinga av, ord dei trur dei kan og ord dei eventuelt ikkje kan. La dei deretter gå rundt i klassa og samanlikne med dei andre. Klarer dei i fellesskap å finne ut tydinga til alle orda? Framlegg til kva ord det kan dreie seg om, er (her vil det vere stor skilnad på bokmålsbrukarar og nynorskbrukarar):
gardsrom, attgrodd, kvarandre, vasspyttane, raud, oklehøgt, kvervlar, venger, mykje, framhjula, korleis, augneblinken, framleis, olbogen.

Det er òg mogleg å be elevane finne til dømes fem ord som dei ikkje forstår når dei les utdraget.


UNDERVEGS:

Be elevane notere stikkord til teksten på sida «Mine tankar og notat» etter utdraget.
Det kan til dømes vere stikkord til:
– Noko som er vanskeleg å forstå
– Noko som gjer utdraget spennande
– Noko som verkar overraskande

 

ETTER:

1. Personleg meining
Individuelt arbeid.

Be elevane ta stilling til utdraget:
– Likte du utdraget?
– Kva er dei 3 viktigaste grunnane til at du likar/mislikar teksten?

2. Finn argument
Grupper på 4 elevar.

Be elevane i gruppene snakke saman om kva dei synest er bra og/eller dårleg med teksten, og kva dei eventuelt synest kunne vore betre.
Deretter skal dei lage to lister: éi liste over dei tinga som er med på å gjere teksten god (argument for), og éi liste over ting som dreg ned (argument mot).

På lista over argument for kan det til dømes stå:
«Eg likte godt … da vesenet sa «heksebarn» med ei vislande stemme, fordi eg synest det var skummelt og eg likar skumle tekstar.»

På lista over argumenter mot kan det til dømes stå:
«Eg synest at … det var litt dumt at Oscar ikkje såg vesenet, fordi da lurer eg på om det faktisk skjedde.»

Be elevane skrive fem fordelar og fem ulemper – eller så mange dei klarer.

Det kan òg vere ein gode idé å la elevane vurdere argumenta sine og sette dei opp i prioritert rekkefølgje. Deretter kan dei førebu seg på å grunngi kvifor dei har valt akkurat denne rekkefølgja, i heil klasse.

3. Argument i heil klasse
Klassesamtale

Be først elevane ta opp ting dei lurte på medan dei las, slik at alle har ei forståing av innhaldet i teksten.

La deretter kvar gruppe bruke lista si (frå oppgåva over) og gi nokre døme på kva dei synest var bra og kva dei synest ikkje var så bra med utdraget frå Villheks – Eldprøva. Hugs å be dei grunngi synspunkta. Argumenta kan skrivast på tavla eller projektor, til dømes i to kolonnar. Når de er ferdige, kan de snakke om kva for argument de likar best og kvifor. De kan òg gå til litterær samtale og vurdering av teksten.

4. Samtale om utdraget
Klassesamtale.

Snakk deretter om utdraget og la elevane dele tankane sine.

Vi tilrår at litterære samtalar tar utgangspunkt i den personlege leseopplevinga til elevane. Opne og autentiske spørsmål – spørsmål der svaret ikkje er gitt på førehand – gjer det lettare for dei å relatere litteraturen til eigen kvardag og eige liv og dermed også å engasjere seg i litteraturen.

Begynn gjerne med spørsmål som:
– Kva handla dette om? eller
– Kva skjedde her?

Dersom elevsvara blir følgde opp på ein oppmerksam og konstruktiv måte, opplever elevane at lesaropplevingane deira blir høyrde og tekne på alvor. Det kan til dømes skje ved å la samtalen bygge vidare på elevane sine svar når eit nytt spørsmål blir formulert (såkalla opptak og høg verdsetting).

Når elevane har fått høve til å formulere og diskutere leseopplevingane sine, oppmodar vi deg til å bruke teksten til å stille spørsmål som du veit vil engasjere.

I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande spørsmål inngå i diskusjonen av utdraget:
– Kva slags inntrykk får de av Clara?
– Kva slags inntrykk får de av vesenet med venger?
– Trur de det er ein engel? Kvifor/kvifor ikkje?
– Kva trur de vesenet meiner med «Viridians blod. Bli med meg»?
– Hadde de gått fram mot vesenet om de hadde vore Clara?
– Kvifor trur de at det berre er Clara som ser det som skjer?

Eit typisk kjenneteikn på bøker i fantasy-sjangeren er at hovudpersonen/hovudpersonane går gjennom ein magisk portal til ei magisk verd, og at dei møter figurar som er magiske.
– Kva trur de er den magiske portalen og den magiske figuren (eller dei magiske figurane) i denne teksten?
– Kjenner de andre tekstar (filmar, forteljingar, romanar) der personane først er i vande omgivnader, men så plutseleg er i ei anna verd?
– Kva tenkjer de om tåka?
– Har de nokon gong sett noko som berre de har sett?
– Har de fortald det til nokon? Til dei heime?
– Kva synest de om reaksjonen til mammaa til Clara da hun fortel om det ho har opplevd?
– Kvifor trur de at Clara blir kalla «Clara-mus»?
– Kva trur de kjem til å skje vidare i romanen?

5. Avstemming i heil klasse
Klassesamtale.

Til slutt kan de diskutere utdraget i klassen med tanke på å nå fram til ei felles vurdering.
– Likar elevane teksten? Kvifor/Kvifor ikkje?

Det er viktig at synspunkta blir grunngitte.

Når avstemminga er ferdig, fører de inn resultatet på Klassesida på tidforti.no.