Eg er V-vida
Vida stammar. Det verste er at V, den første bokstaven i hennar eige namn, er den tyngste bokstaven å seie. Besteveninna Siri har nett flytta til Bergen, og Vida kjenner seg ikkje trygg på skulen utan ho. Den einaste ho stolar på, er Eirik, læraren deira. Første dag i niande byrjar Viktor i klassen. Han haltar og kan ikkje strekke ut den eine armen heilt, men han bryr seg ikkje om at folk stirer. Kanskje ho kan lære noko av han?