Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Rundt jorda og tilbake

Inger Johanne Sæterbakk Aschehoug 2020

1.

Den beste tida på dagen er dei første, lange sekunda etter at eg har slått opp auga. Før søvnen heilt har forlate kroppen og hjernen har begynt å tenke stressa tankar. Før magen strammar seg i ein knute og smilet bind seg opp i ei stram hengekøye frå øyre til øyre. For akkurat i dei første sekunda av dagen er alt som før.

Før hjernen har vakna, kan eg høyre dei raske stega til pappa, som går fram og tilbake over kjøkkengolvet. Som hentar avisa på trappa, set på kaffien og skrur på radioen. Stemma frå nyheitene blandar seg med lyden av traktaren som gurglar opp vatn og spyttar det ut igjen som kaffi. Lukta smyg seg heilt ned i kjellaren, inn på rommet mitt og ned under dyna, som er varm av søvn.

Så kan eg høyre nokre lettare steg som går frå kjøkkenbenken, til kjøleskapet og tilbake. Den mørke stemma til pappa får selskap av dei lyse tonane i mamma si stemme. Eg høyrer lyden av mamma som heller kaffi i to koppar. Og pappa som tar det heimebakte brødet ut av brødboksen. Han smør matpakkar til mamma, meg og Andreas, pakkar dei inn i knitrande matpapir og skriv bokstavane våre på papiret med raud tusj. Før hjernen har vakna, kan eg høyre stega hans som går mot trappa, dei lette tøffelsmella mot trappetrinna og eit hardt bank på døra mi.

«God morgon, Jonas.»

Eit pust utanifrå bryt inn i den tette sovelufta.

Dei korte, stikkande skjeggstubbane til pappa kjem fram i døropninga.

«No må du stå opp.»

Så skrur han på taklampa, og auga mine skrumpar seg.

«Pappa, skru av lyset», klagar eg.

Men då har pappa allereie gått vidare til Andreas sitt rom for å vekke han.

 

Alt er som før når eg gnir dei små slimklumpane med søvn ut av auga. Så blir søvnen gnidd ut av hjernen også, og då kjem eg på det. At ingenting er som før. At pappa ikkje bur her lenger. At han bur hos Mariann. Ho som han er så forelska i, at han heller vil vere der ho er, enn å vere her, i lag med oss. På kjøkkenet over meg er det heilt stille. Mamma søv. Ho er sjukemeld. Nokre dagar står ho ikkje opp. Ho seier det er fordi ho har så mykje å tenke på. Eg ser at ho blir trist av tankane sine. Auga hennar ser ut som to stjerner som har slutta å skine.

Rommet mitt luktar ei blanding av sveitt søvn og noko søtt. Sovepusten til Andreas brummar lågt ved sida av senga mi. Han kom tuslande inn i halvsøvne i natt. Hadde tissa seg ut. Det er tredje gongen sidan pappa flytta. Eg har ikkje sagt noko til mamma. Eg let han låne tørre klede frå skapet mitt. Så drog eg ut madrassen under senga, der kompisane mine bruker å sove når dei overnattar. Det tok lang tid før eg sovna igjen.

«God morgon, Andreas», seier eg. Eg ser rundt meg. Den søte lukta kjem frå den våte pysjamasen som ligg på golvet. «No må du stå opp.»

Eg skrur på globusen som står på nattbordet.

«Å, Jonas, skru av lyset», klagar Andreas.

Men det er for seint.

«Du må dusje. Du luktar tiss.»

Eg ser at hjernen hans har vakna no, for auga blir triste.

«Det var berre eit uhell», seier eg med snill stemme. Men han er 8 år. Han er altfor stor til å tisse i senga.

Oppe på kjøkkenet er det heilt mørkt. Det er ingen lydar frå loftet heller. Eg puttar dei våte sengklea til Andreas inn i vaskemaskinen. Så set eg på kaffitraktaren. Eg finn fram brødet og prøver å skjere det i jamne skiver til matpakkane. Eg skriv ein A med raud tusj på den eine og legg han i sekken til Andreas.

Når kaffien er ferdig, fyller eg i ein kopp og går opp trappa til loftet. Sakte, så eg ikkje søler.

«God morgon, mamma», seier eg forsiktig og skrur på lyset på det kalde foreldresoverommet.

Mamma vrir på seg i senga, som er altfor stor for ein person. Ho smiler med attklistra auge og bustete hår. Ho opnar auga så vidt, før ho lukkar dei att og snur seg over på andre sida.

NB! På grunn av rettigheiter har vi sletta deler av utdraget og lydfila.

BONUS:

Les meir om forfattaren her

Boktips:

Lydighetsprøven: en tenkt fortelling om et barn av Bjørn Ingvaldsen (bokmål)

Vinden og kattane av Rønnaug Kleiva

Tre meter med kniv av Eili Harboe

Keeperen og havet av Maria Parr

Dumme, dumme hjarte av Linda Klakken

Fly, Thea! Fly! av Bente Bratlund

Hest, hest, tiger, tiger av Mette Eike Neerlin. Omsett av Brit Bildøen

Hjarteklapp av Hilde K. Kvalvaag

Serietips:

Verst når det gjelder på NRK

Til toppen