Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Spådama i 7B

Harald Nortun Samlaget 2020

 

KAPITTEL 1

Ny klasse. Du er åleine. Du kjenner ingen. Du aner ikkje kva som ventar deg.

Eg banka på døra til lærarrommet. Ei dame opna. Ho var høg og tynn, med langt, lyst hår i hestehale.

«Du må vere Nina?» sa ho. «Eg er Anne Line, eg er læraren din.»

Bak læraren kom ein mann. Han hadde svart skjegg og ei blå tatovering som stakk opp over skjortekragen.

«Hei», sa mannen. «Eg heiter Bernt, eg er rektor. Velkommen til oss!»

Læraren gav meg ein stabel skolebøker og ei klasseliste. Ho og rektor fortalde mange ting om skolen og klassen. Alt var sikkert viktig, men berre éin ting festa seg:

«Det blir basket i gymmen», sa læraren lågt.

Rektor smilte og nikka, som om basket i gymmen var veldig spesielt.

Rektor såg på klokka, snudde seg mot læraren og sa lågt: «Eg kjem og hentar Jonas nøyaktig klokka 8.40.»

Læraren nikka og sa ja.

Så gjekk vi til klasserommet. Eg hadde ikkje gymklede, så eg kunne ikkje bli med i gymmen. Men hjartet mitt banka som om eg allereie hadde spelt basket i fleire timar.

«Her er Nina», sa læraren. «Ta godt imot henne!»

20 par framande auge glante på noko dei aldri hadde sett før. Nemleg meg. Nina Fredriksen. Eg gjekk i svart bukse og grå genser, hadde kledd meg passe kjedeleg og vanleg. Men eg skilde meg ut likevel. For eg er lita og tynn. Og kom ein månad for seint til skolestart på grunn av mamma sin jobb i Brussel. Vi har flytta ofte, det var fjerde gong eg begynte i ny klasse. Det verste med å flytte er at du mister nesten alt. Men av og til vil du kutte all kontakt og komme deg vekk frå ting som ikkje er bra. Det er det beste med å flytte. Ingen veit noko om deg. Du får ein ny sjanse.

Starten er alltid vanskeleg. Førsteinntrykket. Eg hatar å vere midtpunkt. Enten får eg ikkje fram eit ord, eller så seier eg noko dumt. I går snakka eg med pappa på telefonen, og han gav meg eit råd: Finn ut kva folk er interessert i, og gli inn i miljøet så fort du kan.

Dagen begynte med norsk, vi skulle jobbe i grupper. Eg sette meg på ein ledig stol hos to gutar.

«Var det mor di som køyrde deg hit?» spurde den eine guten. «Ho ser ut som spådama på tv. Er du sigøynar?»

Eg ante ikkje kva gutane hadde sett på tv. Men eg kunne forklare eit par ting for dei.

«Det heiter romfolk», sa eg. «Men vi er ikkje …»

«Driv ho og spår og sånn?» spurde den andre guten. «Slike evner går i arv, ikkje sant? Kan du spå?»

Eg prøvde å smile. For det måtte vel vere ein spøk?

«Kult med ei ekte spådame i klassen», sa den første guten.

Gutane såg på kvarandre og lo. Dei sa ikkje velkommen, dei berre erta. Sånne har eg møtt før. Den eine seier noko frekt, den andre seier noko endå frekkare, dei blir verre og verre om ingen stoppar dei.

«Oppgåve 1», las eg høgt. «Kor mange …»

Den eine guten la handa si over oppgåvene.

«Les handa mi!» sa han. «Kom igjen, spådame! Fortel om framtida!»

Gutane lo igjen. Den same latteren som i Brussel. Der gjekk eg på ein snobbete internasjonal skole. Alle snakka engelsk, og eg tenkjer jo på norsk, så eg måtte liksom omsette til engelsk inni meg. Ofte var eg på skolen ein heil dag utan å snakke med nokon. Eg fekk ingen venner. Folk kviskra bak ryggen min. Sa stygge ting om kleda mine og håret mitt. Kvar einaste dag tenkte eg på kor fint det skulle bli å flytte heim til Noreg.

Men tenk om det ikkje blei betre likevel. Tenk om 7B var ein mobbeklasse? Eg fekk klump i halsen.

Auga mine blei våte. Tårer skulle ikkje vere det første klassen fekk sjå av meg. Eg måtte springe ut. Skulle akkurat reise meg. Då såg eg notatblokka til guten. Namnet på framsida var Jonas. Det namnet hadde eg høyrt på lærarrommet. Jonas var guten som rektor skulle hente.

No ville Jonas ha ein spådom. Det skulle han få. Eg stirte ned på handa.

«Eg ser ein mann med svart skjegg», sa eg.

Stemma mi var djup og rar. Eg var jo nesten på gråten. Høyrdest ut som nokon andre snakka gjennom munnen min.

«Mannen har ei tatovering på halsen», sa eg med den snåle stemma. «Klokka 8.40 kjem han og hentar deg.»

Jonas reiv handa vekk som om han hadde brent seg.

«Skjegg og tatovering?» sa vennen. «Du må til rektor, Jonas! Er det tagging igjen?»

Det stoppa munnen på Jonas. Men kameraten masa:

«Klokka er 8.39», sa han. «Kjem han snart? Er spådommen berre tull? Eller kanskje …»

Han bråstoppa. Døra til klasserommet blei opna. Mannen med svart skjegg og tatovering på halsen kikka inn. Han såg på gruppa vår og sa:

«Jonas, bli med ut ein tur. Vi må snakke saman.»

NB! På grunn av rettigheiter har vi fjerna deler av utdraget og lydfila.

BONUS:

Les meir om forfattaren her

Sjå andre bøker av forfattaren her

Boktips:

Klure av Atle Hansen
Apetryne av Atle Hansen
Kampen om superbitchene (bokmål) av A. Audhild Solberg
Pym-serien (bokmål) av Heidi Linde

Til toppen