Undervisningsopplegg: Katteskriket

Undervisningsopplegget er laga av Nynorsksenteret.

Før lesing:

Grøssar-utdraget vi skal lese, heiter Katteskriket og er skrive av forfattaren Guro S. Auganes (vis lysbildet som syner bildet av forfattaren).

Samtale
Læraren fortel og spør:
Katteskriket er ei spøkelseshistorie som er spennande og får oss til å kjenne grøss, samstundes som ho er realistisk (nær det verkelege livet).

Kva tenkjer dokker på når dokker høyrer orda
– grøss?
– realisme?

Læraren fortel:
Dette er den første boka som forfattar Guro Auganes har skrive. Ho er inspirert av ein annan kjend barne- og ungdomsforfattar, svenske Maria Gripe (1923–2007). I skrivinga si var Gripe oppteken av moglegheitene til det enkelte mennesket.

Er det nokon i klassen som har ein forfattar og sjanger/tittel som dei liker særleg godt, og som dei blir inspirerte av?

 Skriv svar på tavla. Kom gjerne med døme:

– Antoine de Saint-Exupéry og Den vesle prinsen (Frankrike)
– Carlo Collodi, På eventyr med Pinocchio (Italia)
– Lewis Carroll, Alice i Eventyrland (Storbritannia)
– H.C. Andersen, Eventyr (Danmark)
– Astrid Lindgren, Pippi Langstrømpe (Sverige)
– Maria Parr, Vaffelhjarte (Noreg)

To og to saman

) Studer bokframsida og prøv å beskrive henne. Kva slags fargar er brukte? Kva skikkelsar er med?
b) Kva slags situasjon blir skildra på bokframsida?
c) Kva har situasjonen med tittelen å gjere, trur dokker?

Under lesing:

Læraren din skal no lese starten av grøssboka Katteskriket, høgt i klassen. Medan læraren din les, skal du følgje med i teksten.

a) Prøv å leggje ekstra godt merke til alt som du opplever grøssande i utdraget.
b) Kva slags inntrykk får du av Julie? Korleis blir ho skildra i grøssarutdraget?
c) Kven andre møter vi i utdraget? Korleis vil dokker beskrive desse relasjonane?

Etter lesing:

Jobb saman to og to med dei innleiande samtalespørsmåla.

Til slutt har dokker ein felles samtale i klasserommet.

a) Kva handlar dette grøssutdraget om?
b) Kven møter vi i grøssutdraget?
c) Nemn 2–3 samtalar eller hendingar som du meiner er sentrale i tekstutdraget, og forklar kvifor.
d) Korleis vil du beskrive Julie ut frå det du har fått vite om henne?
e) Korleis vil du beskrive familien til Julie?
f) Kva tid kjenner du ro og tryggleik når du les?
g) Kva tid kjenner du grøss når du les?
h) Kva tid trur du Julie kjenner tilhøyrsle og meistring i utdraget?
i) Kva likte du godt ved historia? Kva likte du mindre godt?
j) Fekk tekstutdraget deg til å vilje lese vidare i boka? Kvifor / kvifor ikkje?

Legg gjerne igjen kommentarane elevar eller heile klassen har til utdraget: Bruk Vurdering av utdraget her.